For mykje av det gode

Det er ikkje berre vi menneske som kan legge på oss for mykje i høgtida.

###
Trass djupe røter er ikkje historia om kalkunen berre ei hyggeleg juleforteljing. Den kalkunen du fyrst møter i daglegvarebutikken er nemleg temmeleg langt frå den kalkunen som lever i det fri. Særleg er proporsjonane annleis, skriv spaltist Siri Helle.
Trass djupe røter er ikkje historia om kalkunen berre ei hyggeleg juleforteljing. Den kalkunen du fyrst møter i daglegvarebutikken er nemleg temmeleg langt frå den kalkunen som lever i det fri. Særleg er proporsjonane annleis, skriv spaltist Siri Helle.
Publisert Sist oppdatert

No er ho er att. Tida då vi berre kan ete. Då orsakingane for å ete står i kø – frå vi står opp til julefrukost til vi går og legg oss etter juletrefesten. Noko et vi av tradisjon, noko av forventning, noko av keisemd, ja, kanskje går det til og med ned ei og anna sandkake av plikt.

Men ganske mykje et vi fordi vi har lyst. Fordi det er hyggeleg å ha tid til å ete saman, og ta seg tid til å lage dei rettane som ikkje vert prioriterte resten av året.

Tradisjonsmaten ville kanskje ikkje overlevd om det ikkje var for jula. Sjølvsagt har juletradisjonane våre endra seg. Nye er komne til undervegs, og gamle har vorte forlatne. Mange av dei er ikkje ein gong våre - og det er heller ikkje noko nytt, sidan vi alltid har lengta litt mot det eksotiske, det spanande, litt dyre og luksuriøse - og unna oss litt ekstra av dette kring juletider. Difor forbind nasa vår jul med appelsin, kanel, nellik og ingefær, medan munnen ventar seg graut på kvite, runde riskorn og kaker og knekk stappfullt av like snøkvite sukkerkrystallar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP