Følgjer valthriller på avstand
For mange nordmenn er dagen i dag ein skjebnedag. Det er val i eitt av verdas mest folkerike land. Korrupsjon og innblanding frå militæret er dei store sakene.
Ilyas og Robena Ali (i midten) har følgd pakistanske nyhendekanalar tett den siste tida. Ekteparet oppdaterer barn og barnebarn om det siste frå valkampen, når dei er på besøk. Men dei er ikkje like engasjerte.
JOAKIM S. ENGER
– Det her er eit sirkus ass! På ein måte gler eg meg til det er over, seier Ilyas Ali.
Han sit i TV-stova med fjernkontrollen i handa og skiftar mellom fleire pakistanske nyhendekanalar. Han stoppar på ein kanal der tre menn i eit fargerikt TV-studio snakkar urdu. Det er i innspurten av det pakistanske valet, og TV-kanalane analyserer valkampen døgnet rundt.
– Denne kanalen synest eg er mest balansert. Ulike kanalar støttar ulike sider, så vi må sjå litt av alle for å få oversikt.