FNs klimapanel tabba seg ut i Himalaya
Beklagar feilaktig spådom om at isen i fjellriket ville smelte innan 2035.
Scanpix/arkiv
FNs klimapanel (IPCC) vedgår no at varselet deira frå 2007 om at breane i Himalaya ville smelte ned, hadde dårleg grunnlag. Panelet vedgår også at den vitskaplege standarden ikkje vart fylgd godt nok då konklusjonen vart trekt, melder avisa The Times i nettutgåva si.
Det heiter rett ut at heile leiinga i IPCC beklagar at prosedyrane panelet skal følgje, vart dårlege etterlevde i denne saka.
Vatn på mølla. Det sterke tilbaketoget gjev truleg vatn på mølla til kritikarane av klimapanelet som alt er under sterk kritikk etter at epostutvekslinga medlemmane imellom vart hacka og offentleggjord sist år.
Bestill abonnement her
KJØP