Flyktar ikkje til Europa - verda gløymer Aust-Kongo

120 væpna grupper krigar i mange ulike konfliktar og 2 millionar menneske er på flukt. Aust-Kongo er ei krise som «ingen» bryr seg om.

Dei mange væpna konfliktane i Aust-Kongo, har sendt 2 millionar menneske på flukt. Desse er veldig utsette for sjukdomar, svolt og valdtekter. Her er Leger uten grenser på eit helsesenter for offer for seksuell vald.

Utan at så mange har fått det med seg har ei stor humanitær krise vakse fram i Den demokratiske republikken Kongo. Over 4 millionar menneske har blitt nøydde til å flykte frå heimane sine, på grunn av fleire væpna konfliktar ulike stader i landet. Aller verst akkurat no er situasjonen aust i det afrikanske landet.

Her har det meir eller mindre vore valdelege konfliktar i 20 år. Men dei siste to åra har nye konfliktar blussa opp, og no er 2 millionar menneske på flukt. Det er det ikkje mange som har fått med seg.

LES MEIR: DR Kongo er flyktningkrisa som går under radaren

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS