Flykta frå Iran - dreg tilbake på ferie
Dei flykta frå Irans brutale regime. No reiser fire av fem norskiranarane tilbake på business- eller feriereiser.
Iranske asylsøkjarar i Noreg er arge fordi iranske flyktningar som er blitt norske statsborgarar, dreg tilbake til Iran på ferie- og forretningsreiser.
Hussein Malla/Reuters/Scanpix
- Eg har ingen ting å skjule. I juli reiser eg igjen til Iran for å besøke familien min, seier norskiranske Maryam Raisian.
Raisian måtte forlate Iran for 14 år sidan, på grunn av at mannen hennar var politisk aktiv. På grunn av sin situasjon fekk ho asyl i Norge, og er i dag norsk statsborgar.
- Eg flykta frå Iran, men ikkje frå familien min. Iranarar bør tørre å reise tilbake, for å oppleve korleis det er å framleis bu der, seier ho.
Bestill abonnement her
KJØP