Familie har vore fadrar i over 20 år, men er barnefadderskap utdatert?

HALDEN: Familien Wang Johannesen trur det er lettare å gi pengar dersom ein har eit andlet å forholde seg til. Hjelpeorganisasjon er kritisk til ordninga og går vekk frå barnefadderskap.

Til sak om pengedonasjoner og bistand til organisasjoner og barn. Familien er Plan-faddere, og får hefter som informerer om hvordan det går med de som får penger. De har også tidligere gitt til et pinsemenighetsdrevet barnehjem i Bolivia, hvor de jevnlig fikk brev fra barna.
BREVUTVEKSLING: Heidi Johannessen og Bent Joar Wang har funne fram gamle brev og teikningar frå fadderborna i Boliva. – Dei skriv «takk for ballen de gav oss». Det er jo hyggelig, les Wang frå eitt av breva.
Publisert Sist oppdatert

– Sjå, dei veks fort, eller kva? Seier Bent Joar Wang og peikar på bilete av eit tidlegare fadderborn med nokre år imellom.

Bent Joar Wang, kona Heidi Johannessen og døtrene Emma Wang Johannessen og Eline Wang Johannsessen er ein av mange norske familiar som i årevis har støtta arbeidet til hjelpeorganisasjonar gjennom ulike fadderbarnsordningar.

Tal frå organisasjonar som SOS-barnebyar, Plan Norge og Redd Barna viser at nordmenn har stor givarglede. Til saman hadde dei tre organisasjonane inntekter i overkant av 980 millionar kroner frå fadrar eller faste givarar i 2023.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS