Er Schau ein kamuflert moralprofet?
Eller er han ein profesjonell syndar? Hva mener du om TV-programmet til Schau?
Øystein Karlsen (t.v.), Kristopher Schau og Morten Ståle Nilsen står bak TV-serien «De syv dødssyndene», som hadde premiere på TV 2 i går. Vegen til helvete verkar å vere brulagt med gode intensjonar, skriv vår kommentator.
TV 2
Komikaren Kristopher Schau har gjort levebrød av jakta på den evige død. Den allereie omdiskuterte TV-serien byrja i går, med «Forfengelighet» som første synd i elden. Skal vi ta dette på alvor?
Svaret kan nok vere både ja og nei, men etter det første programmet synest eg kanskje det er mest interessant å sjå kva slags synder programfiguren Schau grip til for å «sikre seg» ein plass i helvete. Faktisk opptrer Schau som ein ganske så konservativ moralprofet. Indirekte stemplar han ein heil skokk av beste-borgarlege kristne som syndarar uverdige til frelse når han til dømes «tuklar med skaparverket» ved å ta plastisk kirurgi eller «dyrkar evig ungdom» ved å ta botox i pannebrasken. Når han til slutt skal «hengi seg til pervers synd» er løysinga å kle seg ut i kvinneklede. Det er vel ikkje meir perverst enn det ein kan oppleve under ungdomskvelden på bedehuset. Men Schau har altså ein strengare standard.
Tull og tøys
Bestill abonnement her
KJØP