‘Eg får meg ikke til å brenne Guds ord’

«Eg får meg ikke til å brenne Guds ord» sa bestefar. Onkelen min hugsar denne motviljen mot å bruke kristelege oppbyggingsblad til opptenning. Han har fortalt om det i boka «Veivisere» (A. Nordgård, Lunde Forlag). «Evangelisten» og liknande blad vart lagt i fine bunkar, medan vanlege aviser hamna i vedomnen. Det var noko spesielt med orda frå Bibelen.

Publisert Sist oppdatert

Andre har det med at dei ikkje kan leggje noko oppå bibelen. Andre bøker kan liggje i stablar og haugar på bordet, men bibelen må alltid liggje øvst. Eller så kjenner vi ein motvilje mot å leggje bibelen på golvet; vi retter ut sidene dersom dei har fått ein brett, og vi freistar å halde boka pen.

Folk er sjølvsagt forskjellige, men kvar har sin måte å vise Bibelen vørdnad på. I slike små handlingar syner vi at denne boka er heilt spesiell for oss. Bibelen er ord frå Gud til oss, og vi vil ta imot orda med respekt.

Å elske Gud og å elske hans ord, det er ei og same sak, skriv apostelen Johannes i bibelteksta for i dag. Den som er glad i Gud, vil bli glad i Guds ord – og omvendt. Når det er lenge sidan vi har lese i bibelen, kjennest kjærleiken til Gud mindre sterk, og når Guds nærvær kjennest sterkt, får vi lyst til å lesa i bibelen. Dette heng saman som to sider av same sak.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP