Droppa sminka i protest
UL-festivalen er ein viktig plass for å vise seg fram. Maria Celine Lundeby motarbeidar presset om å vere perfekt.
På UL-festivalen held Maria Celine Lundeby seminaret «Ferdig prestert». Ho er ungdomsleiar i NLM-forsamlinga Misjonssalen.
Eirik Bjørklund
- For nokre år sidan ville eg planlagt antrekket i fleire dagar, vore nydusja og nysminka. I dag har eg droppa sminka heilt bevisst. Det er eigentleg verre. Eg har restar frå gårsdagens sminke som eg ikkje har vaska av, seier ungdomsleiaren i NLM-forsamlinga Misjonssalen Oslo.
29-åringen er ein av seminarhaldarane på kristenfestivalen UL (Ung Landsmøte) på Randaberg utanfor Stavanger. Der går ho i rette med generasjon prestasjon-ideala.
- For mange er UL er ein viktig arena å vise seg fram på. Du har sjans til å bli sett og populær. Det er viktig å vere på dei rette stadene, snakke om dei rette tinga og helse på dei rette folka. Og det er ein sjekkeplass, seier ho.
Bestill abonnement her
KJØP