Død Hamas-topp var pragmatikaren i gruppa

DREPEN: Hamas har sagt at drapet på deira politiske leiar, Ismail Haniyeh, er ei alvorleg eskalering i konflikten, og vil ikkje vil stå usvart. Men kven var eigentleg Haniyeh?

STATSMINISTER, 2006: Ismail Haniyeh I 2006 etter å ha møtt president Mahmoud Abba for å presentere si nye regjering.
HAMAS SITT FYRSTEVAL: Hamas stilte til val med Ismail Haniyeh øvst på lista i 2006, og vann valet. Her er Haniyeh etter å ha møtt president Mahmoud Abba for å presentere si nye regjering.
Publisert Sist oppdatert

Ismail Haniyeh var fødd i flyktningleiren al-Shati, nord på Gazastripa, 19. januar 1962. Då han som litteraturstudent gjekk på universitetet i Gaza, vart han med i ei politisk gruppe som var forløparen til Hamas. Der var han aktiv i både lokalpolitikk og protestar, ifølgje The Guardian.

Då Hamas vart oppretta i 1987, i den fyrste palestinske intifada, var Haniyeh ein sentral skikkelse, ifølgje NTB. Intifada vil seie det folkelege palestinske opprøret mot israelske militære i dei israelskokkuperte områda på Gazastripa og Vestbredden i 1987–1993.

Hamas-toppen vart ved ei rekkje høve arrestert av Israel, blant anna i 1992. Då vart han saman med 400 palestinarar, blant dei fleire Hamas-leiarar, arrestert og deportert til Libanon. Eitt år seinare returnerte han til Gaza.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP