Den dyrebare tida
Den dyrebare tida. Orda festa seg hjå meg.
Eg har skrive dei på ein lapp og hengt dei over skrivebordet. Hadde det vore i «gamle dagar», hadde eg brodert dei med krossting og ramma dei inn.
Vi har ikkje tid, seier vi. Vi har for lita tid, eller for dårleg tid. Det er 24 timar til alle per døger. Men vi veit ikkje kor mange levedagar vi får, berre at det vert eit heilt liv av det, frå byrjing til slutt.
Tida er ein freistnad på å måla noko av det som ikkje lar seg fanga. Jamvel dei mest nøyaktige utrekningane må justerast. Felles «jernbanetid», Greenwich-tid, vart innført i England i 1847. I Noreg fekk vi felles tid i 1895. Før hadde landsdelane si eiga tid alt etter når sola stod i sør. Det var fire minuttars skilnad mellom Kristiania og Drammen, 22 minuttar mellom hovudstaden og Bergen. Klokka måtte stillast mellom togstasjonane.
Bestill abonnement her
KJØP