Biskop Budde: – Saman kan me alle vere modige
USA: Washington-biskopen takkar for all støtta ho har fått etter at Donald Trump og folka hans gjekk til verbalt åtak på ho etter gudstenesta i samband med innsetjinga av Trump.
PREIKAR: Pastor Mariann Budde nytta National Prayer Day i USA til å komme med fleire utilslørte stikk mot den nye amerikanske presidenten Donald Trump. Mens han satt nokre meter framfor henne.
Evan Vucci
– Takk, eg kan ikkje uttrykkje kor mykje det betyr for meg å ha fått brev, telefonar, meldingar, gåver, støtte og oppmuntring. Eg er overtydd om at det er ei ånd med kjærleik og godheit i landet vårt som strøymer gjennom oss alle, seier Washington-biskop Mariann Budde i ein video publisert på instagram-kontoen hennar.
Budde fortel at ho har vore vekke frå sosiale medium ei stund etter den mykje omtalte gudstenesta under presidentinnsetjinga i januar.
Talte imot Trump