Ber Myanmar endre grunnlova

Kong Harald forkynner Norges krav til det kvasisivile regimet: Grunnlova bør endrast. Slepp alle presidentkandidatar til.

Kong Harald er Norges demokratiutsending under statsbesøket i Myanmar. I fleire talar minner han styresmaktene om at dei må få opp farten i arbeidet med å reformere den gamle militærstyrte nasjonen – og dei må inkludere alle i arbeidet med å styrkje demokratiet. I går talte han på universitetet i Yangon.
Publisert Sist oppdatert

– Den pågåande reform- og demokratiseringsprosessen er utfordrande, men han er viktig for å sikre alle menneske i Myanmar ei god framtid, sa Norges konge i lønsjtalen til Myanmars mektige president. Fram til Thein Sein blei president i 2011 – og trekte i sivil - var han general.

Vårt Land fortalde laurdag at både FN og fleire vestlege land byrjar å misse tilmodet med det kvasisivile regimet i Myanmar. Etter 50 år i isolasjon blei militærjuntaen bytta ut med eit sivilt styre. Men dei aller fleste i regjeringa er tidlegare toppoffiserar som berre har hengt vekk uniformane.

LES OGSÅ: Utvikling i ein telefon

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS