Aud Irene Svartvasmo reagerer på Den norske kyrkja: – Lite audmjukt

VARSLING: Sjukehuspresten er ikkje imponert over svaret DNK gir på kritikken for dårleg handtert varslingssak. Kyrkja held på at dei har gode retningslinjer. 

TEMPERATUR: Sjukehusprest ved Diakonhjemmet sykehus, Aud Irene Svartvasmo. – Eg merkar eg har ganske mykje temperatur i dette framleis, seier ho når Vårt Land ringer.
Publisert Sist oppdatert

Denne veka publiserte Vårt Land historia til prestestudent Camilla Emberland, om då ho varsla mot ein tilsett i Den norske kyrkja (DNK). 

Emberland opplevde å bli dårleg ivaretatt av DNK under varslingsprosessen. Advokat Birthe Maria Eriksen meiner handteringa av varselet er på eit «uforståeleg lågt nivå» og kaller den ein «alvorleg feil». 

Aud Irene Svartvasmo er sjukehusprest på Diakonhjemmet i Oslo, og har vore Emberland sin studievegleiar. Då Emberland 15. mars 2024 hadde sitt første møte med dåverande Oslo-biskop Kari Veiteberg, var Svartvasmo med. 

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS