Årets ord er «KI-generert»

SPRÅK: Språkrådet har kåra «KI-generert» som årets ord. Ordet betyr «laga med kunstig intelligens».

Krympflasjon er årets ord 2022. Her er Språkrådets direktør, Åse Wetås, fotografert. Foto: Mariam Butt / NTB
KI: Direktør Åse Wetås i Språkrådet er glad for at den norske forkortinga for kunstig intelligens er i ferd med å etablere seg.
Publisert Sist oppdatert

– Ordet vil truleg bli brukt meir og meir etter kvart som kunstig intelligens blir teken i bruk på fleire område, seier seniorrådgivar Dagfinn Rødningen i Språkrådet i ei pressemelding.

Den norske omsetjinga har fått fotfeste her i landet, medan nabolanda bruker den engelske forkortinga «AI» for «artificial intelligence».

Ifølgje Rødningen var «KI-generert» meir brukt enn «AI-generert» i norske tekstar.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet er glad for at den norske forkortinga for kunstig intelligens er i ferd med å etablere seg.

– Mykje av det teknologiske språket kjem frå engelsk, og mange vil bli ekskluderte frå det offentlege ordskiftet om det ikkje blir etablert eit norsk fagspråk på dette feltet, seier ho.

Andre ord som i år vart vurderte som årets ord, var «dyrtid», «milliardærflukt», «polykrise», «demenskor», «grøn kolonialisme», «sensivitetslesar», «ultraprosessert», «planvask» og «nevromangfald».

I fjor vart «krympflasjon» kåra til årets ord.