Apar gir håp mot Parkinson

Forskarar treng gentukla apekattar for å gjere eksperiment på dyr med menneskelege sjukdommar.

Ein nyfødd transgen maromset ape med namnet Wakaba. Biletet er frå Nature. Japanske forskarar har publisert funn som seier at dei for første gong har utvikla gentukla primatar der manipulerte genar har gått vidare til avkommet.
Publisert Sist oppdatert

Vitskapsfolk har annonsert eit mogeleg gjennombrot som kan vere ei hjelp for å omdanne forskingsfunn til behandling av fleire til no uhelbredelege sjukdommar. Men det krev dramatisk fleire apar brukt i eksperiment, melder den engelske avisa The Independent.

Menneskelege sjukdommar. Forskarar har utvikla ein teknikk til å utvikle genetisk endra apar som lir av menneskeleg sjukdom. Desse gentukla marmoset-apane, ein liten sør-amerikansk ape med klover i staden for klør, kan så brukast som forsøksdyr for å utvikle legemiddel eller behandlingar som ein gong kanskje kan føre til ny legedom. Dette er første gongen at denne teknikken er klart utvikla i primatar.

Behandling, kanskje. Eksperiment med slike apar kan, trur forskarane, utvide forståinga vår og utvikle behandling av uhelbredelege sjukdommar som Parkinson og MS. Men dyrevernarar mislikar sterkt den varsla bruken av mengder av apar brukte i eksperiment i ei tid der mange ønskjer å redusere bruken av nettopp slike primatar i medisinske forsøk.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP