IDF-soldatar som tar livet sitt aukar. Fire tok sjølvmord i løpet av to veker
TRAUMEUTSATT: Talet på israelske soldatar som tek sjølvmord har auka sidan krigen på Gaza starta, ifølgje israelsk avis. Norsk PTSD-ekspert seier særskilt èin type israelske soldatar er ekstra utsett for traumer.
IDF: Israelske soldatar framfor palestinarar på flukt frå den israelske offensiven i Jenin i slutten av januar.
Majdi Mohammed/AP
– Han mista sjela si og livet sitt i militær teneste, sa Sigal Edri til nyheitsstaden Ynet gjengitt av Times of Israel.
Dagen før, lørdag 5. juli, tok den 24 år gamle sonen hennar livet sitt. Han heitte Daniel Edri og hadde i eitt år tent som reservist for Det israelske militæret (IDF) både i Gaza og Libanon.
Mora fortalde i etterkant av dødsfallet at sonen hadde slitt med psykiske traumer som følgje av tenesta i Gaza. Sonen var meint å byrja eit opphald på eit psykiatrisk sjukehus 6. juli, før det hadde han blitt nekta psykiatrisk behandling to gonger, ifølgje Haaretz.
Bestill abonnement her
KJØP