Ap opnar for å støtta Venstres abortforslag

ABORT: Arbeidarpartiet utelukkar ikkje å støtta Venstre sitt forslag om å utvida abortgrensa til veke 18.

r
OPNAR: Cecilie Myrseth er helsepolitisk talsperson i Ap.
Publisert Sist oppdatert

Sist veke la Venstre fram eit representantforslag om å utvida abortgrensa til veke 18.

På denne måten hoppar partiet bukk over Ap/Sp-regjeringas varsla abortutval. Dette utvalet skal sjå på abortlova og alternativ til nemndene. Det er førebels uklart kva mandat og medlemmer utvalet skal ha.

Vårt Land har spurt helsepolitisk talsperson Cecilie Myrseth om Arbeidarpartiet kan støtta forslaget frå Venstre.

Ho svarer på sms:

– Det er fleire forhold som må avklarast før me tek stilling til det, men det er ikkje utelukka.

Ho skriv at målet til Arbeidarpartiet er å få fjerna nemndsystemet fram til veke 18.

– Det beste vil vera å behandla dette i den heilskaplege saka om abortlova som er varsla. Men Aps mål er uansett å sikra fleirtal for vår politikk, som er å fjerna nemndene og gje kvinner sjølvbestemming fram til veke 18.

Abort splittar regjeringa

Abort splittar regjeringspartia: Sp vil halda på dagens grense, medan Ap vil utvida til veke 18.

I Hurdalsplattformen er regjeringa samde om å sette ned eit utval, samstundes som at regjeringspartia står fritt til å søka fleirtal i Stortinget for sine standpunkt om abortlova.

Venstre-forslaget som no er komme, foreslår å utvida grensa for sjølvbestemt abort til veke 18, greia ut ein ny nemndstruktur etter veke 18 og i praksis oppheva innstramminga av fosterreduksjon.

I helga gjekk barne- og familieminister Kjersti Toppe ut i Dagen med eit håp om at Stortinget skal avvisa abort-forslaget til Venstre. Ho ber partia venta på konklusjonane til abort-utvalet.

Venstre vil sjekke ut fleirtal

Venstre-leiar Guri Melby forklarte førre veke til Vårt Land kvifor dei ikkje vil vente på utgreiinga:

«Venstre har ikke behov for den. For det er et mulig flertall i Stortinget for endring av loven. Det ønsker vi nå å sjekke ut. Vi vet jo at Ap primært deler vårt syn. I SV, Rødt, MDG, Frp og Høyre kan det være støtte til vårt forslag.»

Forslaget er no til handsaming i helse- og omsorgskomiteen, og skal deretter gå til stortingsdebatt med votering. Truleg vil dette finne sted utpå våren.

Powered by Labrador CMS