Anette Trettebergstuen (Ap) går av som kultur- og likestillingsminister

Saka blir oppdatert.

Publisert Sist oppdatert

Det blir opplyst i ei pressemelding fredag. Selskapa har allereie kartlagt potensialet for vindkraft på Austlandet, men vil ikkje avvise at andre landsdelar kan bli aktuelle seinare. Samarbeidet kjem i kjølvatnet av ein lengre periode med høge straumprisar for både industri og hushald, noko som har ført til auka etterspurnad i kraftproduksjonen.

I ein rapport frå januar etterlyste energikommisjonen ein auke i kraftproduksjonen på 40 nye terawattimar (TWh) innan 2030. Statnett har også peika på risikoen for at Sør-Noreg kan få kraftunderskot allereie frå 2025, og eit nasjonalt kraftunderskot frå 2026.

– For å sikre nok kraft til elektrifisering av samfunnet og industrielle formål, må vi utnytte alle aktuelle former for fornybar energi i Noreg. Derfor er det naturleg også å vurdere vindkraft på land, ved sida av havvind, solkraft, vasskraft og energieffektivisering, seier administrerande direktør Martin S. Lundby i Hafslund Vekst i pressemeldinga.

(©NPK)