Aktor vil be om frifinning av fem av Fosen-aksjonistane
Fem av Fosen-demonstrantane slepp å betale førelegg for aksjonen utanfor Finansdepartementet.

Det kom fram då retten var sett i Oslo tingrett torsdag morgon. 18 Fosen-demonstrantar er tiltalte fordi dei ikkje vil betale bota for ordensforstyrring utanfor fleire departement i Oslo i februar i fjor.
– Det vil bli lagt ned påstand om frifinning for fem av aksjonistane ved Finansdepartementet, sa aktor Stian Hermansen.
Grunnen er ifølgje aktor at det er uklart kven som bestemde at desse fem skulle arresterast. Dermed er det også usikkert korleis vurderinga av proporsjonalitet vart gjord.
– Det har truleg samanheng med at det var ein krevjande situasjon for politiet. Både ute på gata med mange demonstrasjonar og eit tital politipatruljar. Det var mange arresterte i arresten og ein policy vi har høyrt om frå sentralt hald om korleis politiet skulle forhalde seg til demonstrantane, sa Hermansen.
Han understreka at det ikkje var ein ulovleg arrestasjon, men at det altså var tvil rundt kven som faktisk vedtok arrestasjonen.