3 grunnar til at du ikkje kan stole på det siste partibarometeret i Vårt Land

MEININGSMÅLINGAR: Er du blant dei som trur du veit korleis valet går fordi du les alt du kjem over av partibarometer? Då kan du bli veldig skuffa på valdagen.

Rødgrønn gjeng
MEININGSMÅLING: I følgje Vårt Land sitt siste partibarometer kan desse tre føle seg ganske trygge på å få makta etter valet. Men kan vi eigentleg stole på meiningsmålingar i juni?
Publisert Sist oppdatert

– Halvparten av veljarane har ikkje bestemt seg for kva dei skal stemme før valkampen startar. Hundretusenvis av veljarar bestemmer seg ikkje før på sjølve valdagen.

Valforskar Bernt Aardal har samanlikna meiningsmålingar med valresultat heilt tilbake til 1989. Ser ein tilbake på meiningsmålingane si historie, så er det heller regelen enn unntaket at målingane før sommarferien bommar ganske kraftig på det endelege resultatet.

Basert på tala til Aardal kan vi gje deg tre grunnar til at den siste målinga i Vårt Land kanskje er heilt feil.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS