I går vart det klart at Senterpartiet (Sp) og Arbeiderpartiet (Ap) ikkje klarte å bli semde om energipolitikken sin. Usemja handla om dei tre energidirektiva frå EU, som Ap var for å innføre, og Sp imot. Det heile enda med at Sp valde å forlate Ap og gå ut av regjeringssamarbeidet.
No må i alt åtte Sp-statsrådar erstattast. Ein av dei er barne- og inkluderingsminister Kjersti Toppe.
Toppe har utmerka seg i trus- og livssynssamfunna for sitt sterke engasjement på feltet, og har i perioden som statsråd i Støre-regjeringa, tala trus- og livssynsfeltet si sak med tydeleg røst.
Lei seg for at Toppe går
– Kva tenkjer du om at Sp no har gått ut av regjering?
– Det eg tenkjer mest på, er at eg er lei meg for å miste Kjersti Toppe som trus- og livssynsminister. Ho har gjort ein fabelaktig jobb i den rolla, seier kyrkjerådsleiar Harald Hegstad til Vårt Land.

Hegstad seier at Toppe, tross andre store saker som har krevd hennar merksemd som minister, ikkje har hatt gitt noko mindre merksemd til trus- og livssynsfeltet. Etter hans meining har ho spela ei stor og viktig rolle for feltet.
– Ho har hatt ei proaktiv haldning og ei grunnleggjande innstilling til at dette er eit viktig område, seier han.
Toppe god på dialog
Kyrkjerådsleiaren legg vekt på viktigheita av at Sp-ministeren heile tida har vore i dialog med livssynsfeltet.
– Det har vore veldig viktig. Ho har hatt møter med både DNK og andre trus- og livssynssamfunn. Ho har møtt opp på konsultasjonar ho har vorte invitert til, stilt opp på møter, og vore rundt og besøkt mange kyrkjer.
I løpet av perioden som statsråd har Toppe blitt populær blant mange i kyrkje-Norge. Dette er nokre sakene trus- og livssynsamfunna kan takke Toppe for:
- Toppe har fått på plass bevilgingar og apparat til feiringa av kristninga av Norge sitt jubileum – Stiklestad 2030.
- Ho fekk på plass ei endra trussamfunnslov, der ho også fekk igjennom fekk moderert ein del av løysingane som handla om kjønnskvotering i styrer og talskravet for medlemmar i trussamfunn.
- Vore med på å sette ned eit utval som skal gå gjennom pengestøtta til livssynsfeltet, som også skal trygge DNK som folkekyrkje.
- Toppe var med å etablere kyrkjevernsfondet, der inntil 500 millionar i året skal gå til vedlikehald av kyrkjer.
Fryktar ny statsråd utan engasjement
– Kva fryktar de mest utan Toppe som «kyrkje-minister»?
– Jonas Gahr Støre har også sagt at Ap vil følgje opp den politikken som regjeringa har ført i forhold til trussamfunna, så eg stolar på at dette faktisk vert ført vidare. Men, den største frykta er kanskje at ein ny statsråd ikkje har så sterkt eigarskap eller engasjement for feltet, seier Hegstad.
Han har forventningar til ein ny statsråd, og håpar at vedkommande vil bidra til å synleggjere kyrkja i debatten om beredskap, samt sloss for så gode kyrkjebudsjett som mogleg – slik som Toppe.
Håpar ikkje Ap-statsråd blir kvileskjer
Så kva ønskjer Hegstad seg i ein ny kyrkje-minister?
Å sjå betydninga DNK og trus- og livssynsfeltet har for samfunnet, er viktig for han. Ein som er oppteken av dialog, som vil møte samfunna, og som også ser DNK si betydning som institusjon og forvaltar av dei lange linjene i historia.
– Der har Toppe vore veldig aktiv med kyrkjebevaringsfondet som ho bidrog med å få på plass. Eg håpar ikkje denne perioden med ein statsråd frå Ap blir eit kvileskjer i dette arbeidet. Eg håpar på sterkt engasjement frå ein ny statsråd, seier Hegstad.
Som å hoppe etter Wirkola
– Trur du det blir vanskeleg å finne ein Ap-statsråd som gjer ein like god jobb?
– Det blir litt som å hoppe etter Wirkola. Eg veit ho jo også at mange i Ap er stekt opptatt av folkekyrkja si betydning og dette feltet. Eg veit at engasjementet finst der også, og eg stolar på at Støre greier å rekruttere ein statsråd som kan gå inn i det på ein god måte, seier Hegstad.
Skildringa «genuin interesse» går att
Henrik Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd (NKR), er einig i at Toppe har gjort ein god jobb som trus- og livssynsminister.
– Eg har opplevd at ho har ei stor og genuin interesse for vårt arbeid, seier Hermansen til Vårt Land.

Hermansen har også bite seg merke i interessa Toppe har vist for å bli godt kjent med heile feltet.
– Ho hat hatt ei genuin interesse for å bli kjent med alle frå dei minste, til DNK – som den største. I tillegg opplever eg at på mange av dei områda som har vore opp til politisk behandling i perioden med Toppe som statsråd, har ho hatt ei god evne til å lytte til våre tilbakemeldingar, seier han.
Toppe si evne til å lytte til feltet trur Hermansen har fått konsekvensar for den politiske behandlinga og dei vedtaka som har vorte gjort.
Oppfordring til ny statsråd: Kast eit blikk på dei tre siste åra
– Trur du det blir vanskeleg å finne ein Ap-statsråd som kan fylle den rolla Toppe har hatt?
– Eg opplever at ho har vore ein god minister på dette feltet. Eg tenkjer i alle fall at ein ny statsråd skal kaste eit blikk på kva som har blitt gjort dei tre og eit halvt åra som har gått. Eg har eit ønske om at den strekkjer seg langt for å følgje i dei spora.
---
Sp ut av regjering
- Regjeringskrisa den siste veka har bunna i dei Ap og Sp sine ulike syn på EU, og om Norge skal innføre tre direktiv frå EU si såkalla Rein energi-pakke. Pakka består av totalt åtte forordningar og direktiv.
- Dei tre direktiva det har vore usemje om i denne omgang er fornybar-, bygningsenergi- og energieffektiviseringsdirektivet.
- Ap ønskja å innføre dei tre direktivene no, mens Sp har stått fast ved at ei innføring av direktiva er uaktuelt.
- Torsdag 30. januar bestemte Sp seg for å gå ut av regjeringa, som andre parti som gjer dette sidan 1945. Åtte Sp-statsrådar må no erstattast.
- Truleg vil Ap regjere åleine fram til stortingsvalet til hausten.
---