Innanriksflyet frå American Airlines kom frå Wichita i Kansas då det rett før landing på Reagan Washington National Airport kolliderte med eit Black Hawk-helikopter frå det amerikanske forsvaret.
Passasjerflyet hadde 60 passasjerar og eit mannskap på fire om bord, medan det var tre soldatar om bord i helikopteret.
Kollisjonen skjedde rett før klokka 21 onsdag kveld lokal tid, og begge dei to flya hamna i Potomac-elva.
Iskaldt vatn
Over 300 redningsmannskap, blant dei dykkarar, deltek i søket etter overlevande, men elva er delvis islagd og arbeidet er svært vanskeleg.
– Forholda der ute er ekstremt tøffe som følgje av vind og kulde, seier sjefen for redningstenesta i Washington, John Donnelly.
Ifølgje NBC News er fleire titals omkomne henta opp frå flyvraket, men ein talsperson frå politiet avkreftar at det er funne overlevande.
Granskar
Helikopteret, som hadde base i Fort Belvoir i Virginia, eit par mil sør for ulykkesstaden, var ute på eit treningsoppdrag då kollisjonen skjedde.
Pentagon har innleidd gransking, opplyser USAs forsvarsminister Pete Hegseth.
– Absolutt tragisk. Leiting og redningsarbeid går føre seg. Vi ber for alle involverte og familiane deira, skriv han på X.
– Burde vore unngått
President Donald Trump har også kommentert ulykka, som han karakteriserer som merkeleg.
– Flyet var i ei perfekt og rutinemessig innflyging mot flyplassen. Helikopteret gjekk rett mot flyet i ein lengre periode. Det var ein klar kveld, lysa på flyet var klare, kvifor gjekk ikkje helikopteret opp og ned eller svinga, spør han i eit innlegg på Truth Social-plattform.
– Kvifor fortalde ikkje kontrolltårnet helikopteret kva det skulle gjere, i staden for å spørje om dei såg flyet? Dette er ein dårleg situasjon som ser ut som at han burde vore unngått. Ikkje bra, skriv Trump.
Fanga på kamera
Kollisjonen mellom dei to flya vart fanga opp av eit overvakingskamera i området. Opptaket viser to lys som nærmar seg kvarandre før dei tilsynelatande møtest i ei eldkule.
I eit opptak frå tårnet ved flyplassen kan ein også høyre stemma til det som skal ha vore flygaren om bord i passasjerflyet.
– Tårnet, så dei det, spør stemma, og flygeleiaren svarer stadfestande.
Flygeleiaren ber deretter alle fly i området om å halde posisjonen.
– Det skjedde truleg midt ute i elva. Eg såg akkurat ei eldkule, og deretter forsvann ho. Eg har ikkje sett noko meir sidan dei trefte elva, seier flygeleiaren då kollisjonen var eit faktum.
Flyplass stengd
Reagan Washington National Airport blir rekna som ein av dei travlaste i heile USA med over 800 avgangar og innkomstar på hovudrullebanen dagleg.
Flyplassen er stengd og vil tidlegast opne klokka 11 lokal tid torsdag, og alle fly blir omdirigerte til Dulles International Airport som også ligg i Washington-området.
(©NPK)