Nyheter

Kongo, tumleplass for leigesoldatar – også norske

KRIGEN I KONGO: Kongo var tumleplassen for leigesoldatar då landet blei sjølvstendig. No er dei tilbake.

Strippa for våpen og uniformer står dei oppstilte i grensebyen Gisenyi.

Militskrigaren som passar på dei tilhøyrer opprørsgruppa M23 i Kongo.

Mennene i sivile klede kjem frå Romania. Dei kom til Kongo for å krige. Mot betaling. Onsdag blei dei viste fram.

Leigesoldatane er hyrt inn av Kongos styresmakter, for å kjempe mot M23, som blir støtta av Rwanda.

Minst 288 leigesoldatar blei tatt til fange av M23 då opprørsmilitsen nyleg tok byen Goma i Kongo, melder den ugandiske nettavisa Chimpreports, som dekkjer regionen.

I ei pressemelding frå Romanias utanriksdepartement måndag blir det stadfesta at rumenske leigesoldatar var omringa i Kongo, melder Panorama Nyheter.

5.000 dollar i månaden

Rumenske leigesoldatar i Kongo-krigen er ikkje nytt.

I fjor melde nyhendebyrået APA at to innleigde rumenarar hadde blitt drepne i ei trefning aust i Kongo.

APA viste til rumenske aviser som opplyste at rumenske leigesoldatar fekk 5.000 dollar i månaden for å kjempe for Kongo, mot M23.

FRAM

Det kom også to nordmenn

Kongo er ingen ny marknad for leigesoldatar.

Den belgiske kolonien Kongo blei sjølvstendig i 1960. Men landet blei ikkje samla. Opprørarar erklærte Katanga som sjølvstendig same år.

På begge sider i borgarkrigen kjempa store avdelingar med leigesoldatar – menn frå Sør-Afrika, Belgia, Storbritannia, Cuba

Mellom dei mest kjende var iren Mike Hoare, som kjempa for Katanga – og skreiv boka The Road to Kalamata.

Ein annan var franske Bob Denard og ein tredje belgiske Jean Schramme.

I 2009 kom to norske leigesoldatar til Kongo for å by fram sine tenester, Tjostolv Moland og Joshua French. Dei blei arresterte og dømde til fengsel. Moland døydde i Kongo i 2013.

bet

Paraderte gjennom gatene

Opprørsgruppa M23 rykkjer no vestover i Kongo.

– Dei vil halde fram inn i Sør-Kivu, for Goma kan ikkje vere målet i seg sjølv, seier Vincent Karega til nyhendebyrået AFP.

Han er Rwandas ambassadør til landa rundt Dei store sjøane i Sentral-Afrika.

M23, som har vore aktiv i Aust-Kongo i fleire år, hevda natt til måndag at dei har tatt kontroll over grensebyen Goma, som ligg heilt aust i Kongo, på grensa til byen Gisenyi i Rwanda.

Det er her dei rumenske leigesoldatane blir paraderte gjennom gatene.

Europearane skal bli viste fram.

Chimpreports skriv at dei så blir sendt til Rwanda for å bli returnerte til heimlandet.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter