Nyheter

KrF taper eigarskap til kjernesak

VAL: Med målingar under sperregrensa slit KrF med gamle hjartesaker. Men valforskar ser potensiale for partiet.

I ei ny undersøking peiker ein av ti på KrF som best på barne- og familiepolitikk. Det viser ei undersøking Norstat har gjort på oppdrag for Vårt Land.

– Det er bra, og det er fleire enn dei som stemmer på partiet. Så her er det potensial. Partiet gjer det også bra på eldreomsorg, seier valforskar Johannes Bergh.

Dei siste åtte månadane har KrF lege under sperregrensa på snitt på meiningsmålingar. Å koma over fire prosent ved haustens stortingsval blir viktig for partiet.

Johannes Bergh har følgjande tips:

– Om KrF vil over sperregrensa, må dei køyra på med politikk for barn, familiar og eldre.

Valgforsker Johannes Bergh. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Best på barn og eldre

Norstat har undersøkt partias sakseigarskap på oppdrag av Vårt Land. 1.052 personar har svara på kva parti dei meiner har best politikk på ulike område. Undersøkinga vart gjort første veka i desember.

KrFs beste sak er barne- og familiepolitikk. Her meiner 11 prosent at partiet har den beste politikken. Det er ein delt andreplass saman med Høgre, medan Ap er på topp med 14 prosent.

Andre felt der KrF når opp:

  • 5 prosent av dei spurte meiner partiet har beste politikk for eldre.
  • På sosial utjamning føretrekker 4 prosent KrF.
  • På saksfelta helse og skule får partiet støtte frå 3 prosent.

Tapt sakseigarskap sidan 2013

KrFs sakseigarskap var likevel langt høgare tilbake i tid. I 2013 svarte 28 prosent av veljarane at KrF hadde best barne- og familiepolitikk.

Sidan den gong er altså partiets sakseieigarskap til barne- og familiepolitikk over halvert.

I 2013 fekk KrF 5,6 prosent ved stortingsvalet. Ved førre stortingsval, i 2021, fekk KrF 3,8 prosent av stemmene, og fekk tre mandat.

Klarer partiet å koma over sperregrensa på fire prosent, vil det gje langt betre utteljing, ved at dei blir med i fordelinga av 19 utjamningsmandat.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter