I går skreiv Vårt Land om korleis dei unge KrF-profilane Hadle Rasmus Bjuland og Joel Ystebø rosa Donald Trump for utspela hans om kjønn under presidentinnsetjinga i Washington.
Bjuland er leiar i KrFU og Ystebø er listetopp for Hordaland KrF og bystyrerepresentant i Bergen.
– Det han sa om kjønn var det mest fornuftige Trump sa i talen sin, sa mellom anna Bjuland.
Ystebø gav på si side uttrykk for at han frykta ein hardare ordbruk i kjønnsdebatten, men at han også syntest Trump-talen inneheldt interessante moment.
– Også i Norge bør me kunne slå fast at det finst to kjønn. Å definere det annleis meiner eg er feil. At Trump uttrykker det slik i talen, viser at det er ei tydeleg strømning i USA når det gjelder dette, sa Ystebø til avisa.
– Verkar lite gjennomtenkt
Mai Lene Hæåk, fylkesmedlem i Oslo KrF, reagerer på dei unge KrF-arane sine utspel.
– Det eg reagerer på er at det ser ut som dei ikkje ser at Trump-utspela om to kjønn er i ein kontekst, for eg meiner at det ikkje kan isolerast frå resten av talen til Trump, seier Hæåk.

Ho meiner Trump er ein nostalgikar som vil male det bilete av USA han ønskjer seg, og som ser tilbake på ei tid der han meiner kjønn var ukomplisert.
– Det blir ein del av hans narrativ om eit stort og «perfekt» USA der befolkninga var meir homogen, seier ho, og legg til:
– Eg vil ikkje skulde dei (Bjuland og Ystebø red. anm.) for å stå inne for resten av politikken til Trump. Men, utspela deira verkar kanskje litt lite gjennomtenkt. Eg reagerer på at dei berre trekkjer fram denne delen av talen utan å sjå det store bildet.
Meiner det er skilnad på Ulstein og Bjuland/Ystebø
KrF-leiar Dag Inge Ulstein har tidlegare ytra at det kun finst to kjønn, og tok til orde for å fjerne kjønnsidentitet frå undervisninga.
– Seier ikkje Bjuland og Ystebø det same som leiaren av partiet gjer då?
– Jo, men skilnaden er at dei (Bjuland/Ystebø red.anm.) seier det i ein kontekst med Trump. Denne Trump-delen meiner eg er problematisk, seier Hæåk og legg samtidig til at ho er einig med Trude Brosvik på dette feltet.
Trude Brosvik, fylkesgruppeleiar for KrF i Vestland, gjekk nemleg i haust ut mot eige parti og sa at ho var skeptisk til måten partiet snakka om kjønn og transpersonar.
– Det blir så massivt. Den gruppa med transpersonar, ho er der uavhengig av kva me meinar om dei. Men me er med og bidreg til straumdrag som ikkje er gode, sa Brosvik til avisa Dagen då.
– Politikarar skal ikkje ignorere andre sine kjensler
Hæåk meiner at det ikkje nødvendigvis er galt å seie at det finst to kjønn, men at ein må passe på korleis ein snakkar om det.
– Eg synest også at KrF som heilheit må ta innover seg at, sjølv om ein meiner det finst to biologiske kjønn, finst det også folk som kjenner seg som eit tredje kjønn – og som ikkje passar inn. Dette gjeld uansett kva ein tenkjer om biologisk kjønn. Ein har eit ansvar som politikarar til å ikkje bruke makta til å sjå ned på eller ignorere andre sine kjensler, seier Hæåk.
– Er inntrykket ditt at mange i partiet stiller seg bak utspelet til Bjuland og Ystebø?
– Det har ikke noko formeining om. For meg er det viktig at me har ein open diskusjon om dette i partiet, og at ein kan seie ifrå når ein er ueinig med kvarandre. Det opplever eg generelt at me har, seier ho.
Trur Trump påverkar debatten i Norge
– Trur du Trump er med på å gjere at fleire uttrykkjer kva dei meiner om dette her heime?
– Eg trur det Trump seier har påverknad, og at ein må vere bevisst denne påverknaden. Ein ser ein annan retorikk her i Norge også, ikkje berre i KrF. Alle politiske parti i Norge må vere bevisste på dette. Der er eg einig med Ystebø om at det er ein unødvendig hardheit i denne debatten. Men me må gå inn med ei forståing i debatten, ikkje berre seie «Støre bør la seg inspirere» og vidareformidle Trump-ytringar, seier Hæåk.
Unge Venstre: – Skammeleg
Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci seier i ei tekstmelding til Vårt Land at han meiner KrF må «slutte å kaste sårbare grupper under seg for å krabbe seg over sperregrensa».
– Unge Venstre mener det er skammelig å se hvordan KrFU bruker transpersoner og ikke-binære som deres fremste valkamp-våpen. Det er en gruppe der mange sliter psykisk, og topper selvmordsstatistikken. Vi kan ikke la denne gruppen bli offer for retorikk, skriv Svendsen-Yagci i meldinga.