Innsettinga av Donald Trump som USA sin 47. president skjer i dag, 20. januar. I samband med dette skal ein mann med namn Franklin Graham leie bøna før innsettinga. Også i januar 2017 var Graham ein av dei som ba for og velsigna Trump då han vart innsett som USA sin 45. president.
– Blant kvite evangelikale er han eit bunnsolid navn og ein vel anerkjent person blant mange, fortel USA-vitar Hilde Løvdal Stephens til Vårt Land.
Graham er leiar av dei evangelikale organisasjonenane Billy Graham Evangelistic Association (BGEA) og Samaritan’s Purse.
BGEA er ein kristen ideell organisasjon, som er dedikert til å dele det kristne evangelium og oppfordre andre til å gjere det same, medan Samaritan’s Purse er ein kristen hjelpeorganisasjon. Sistnemnde var i 2020 i ein kontrovers på grunn av at organisasjonen kravde at frivillige skreiv under ei truserklæring som avviste homofili og likekjønna ekteskap.
– Hakket meir populistisk enn faren
Graham vart fødd 14. juli 1952, og er son av den kjente evangelisten og predikanten Billy Graham og kona Ruth Bell Graham. I tenåra var han rebelsk og likte å reise, men i ein alder av 22, via han livet sitt til Jesus på eit hotellrom i Jerusalem.
Faren, Billy Graham, var den som oppretta BGEA, og han hadde ein framtredande posisjon i det amerikanske samfunnslivet.
– Faren hans var kanskje den viktigaste evangelisten i det 20. århundret. Han var nært knytta til fleire amerikanske presidentar, mellom anna til Richard Nixon. No har sonen Franklin tatt over, som kanskje er hakket meir populistisk enn faren, seier Stephens.

Ho seier at Franklin Graham kanskje ikkje heilt har klart å leve opp til den standarden faren sette.
– Det er nok heller søstera hans som har mest av den talegåva og talentet til faren, men som kvinne i desse miljøa, er det ikkje aktuelt å ta over, seier Stephens.
Graham: «Satans verk» og «ein ond religion»
Graham er kontroversiell på grunn av ytringar om tema som likekjønna samliv, konverteringsterapi og islam. Han har blant anna vakt oppsikt med å seie at likekjønna samliv er «Satans verk» og at islam er «ein ond religion». Evangelisten har også tidlegare uttrykt si støtte til Putin si anti-LHBT-lov som forbyr homofil «propaganda».
– Synet hans er ganske mainstream blant kvite evangelikale i USA, seier Stephens.
Ifølgje BGEA sine nettsider pleier Graham å snakke om aktuelle moralske og sosiale spørsmål i forkynninga si. Han oppfordrar kristne til å stå for bibelske verdiar og utfordrar dei til å gjere ein skilnad i verda. Graham er også sjefsredaktør for BGEAs sitt magasin Evangelical Voice for Today. Magasinet inneheld bibelsk undervisning og artiklar med bibelsk verdsbilete om problemstillingar og hendingar i verda, ofte om emne som påverkar fridommen til truande.

I Oslo Spektrum og på kristenfestival i Storbritannia
I 2017 vart Graham invitert til å delta på ein vekkelseskampanje i Oslo Spektrum. I hovudarrangementskomiteen sat mellom anna pastor Sten Sørensen og dei dåverande stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan (KrF) og Svein Harberg (H). Frå fleire hald kom det kritikk om at den amerikanske predikanten skulle delta, noko som førte til at fleire kjente kristenleiarar ikkje lenger følte dei kunne stå som medarrangørar av Graham-kampanjen, på grunn av Graham sine ytringar og støtta til Trump.
At Graham i 2018 skulle tale på den kristne festivalen Lancashire Festival of Hope i Storbritannia, skapte også motstand blant fleire kristne kyrkjelyder, men også anti-diskrimineringsgrupper og forkjemparar av LHBTQ+-rettar, grunna Graham sine meiningar. På grunn av alle reaksjonane, fjerna eit transportselskap reklameplakatar for festivalen med Graham på frå sine bussar, noko som vart støtta av dei lokale myndigheitene.
Graham sjølv meinte han var utsatt for sensur, og fekk seinare medhald i retten. Manchester County Court meinte at å nekte arrangørane å reklamere for Graham var brot på trus-og ytringsfridommen, og Graham og organisasjonen BGEA fekk utbetalt nesten to millionar kroner i erstatning av dei lokale myndigheitene i Blackpool.
Trur Gud spelte rolle i Trump-siger
I 2011 fortalde Graham ABC News at han føretrekte Trump, som nyleg hadde vist interesse for nominasjon, som republikansk presidentkandidat i presidentvalet i 2012. Først fortalte Graham at han trudde det var ein vits at Trump ville stille, men så sa han «jo meir du lyttar til han, jo meir seier du til deg sjølv, du veit, kanskje dette er riktig mann». Trump endte den gong opp med å ikkje stille som kandidat.
I november 2016 fortalde Graham til The Washington Post at han trudde at Gud spelte ei rolle i at Trump vart vald som president. Også etter Trump-sigeren i 2024 skreiv Graham på Facebook at takkar Gud for at Trump vann og at «Gud høyrte bønene til folk».
I bøna før forrige innsetting av Trump i 20. januar 2017, valde Graham å lese frå Paulus´første brev til Timoteus 2, som oppfordrar til bøn for alle menneske, også for kongar og leiarar, slik at ein kan «leve eit stille og fredeleg liv med gudsfrykt og verdigheit i alt».
---
Presidentinnsettinga i USA:
- Klokka 18 (norsk tid) 20. januar 2025 startar innsettinga av Donald Trump som neste amerikanske president – den 47. i rekkja.
- Seremonien vert heldt innandørs i rotunden i kongressbygget på Capitol Hill i Washington D.C.
- Evangelisten Franklin Graham skal, saman med den katolske erkebiskopen i New York Timothy Dolan, leie bøna for Trump før innsettinga. Fire andre religiøse leiarar – ein rabbinar, ein imam, ein protestantisk pastor og ein katolsk prest – skal også velsigne den nye presidenten.
- 21. januar er det nasjonal gudstjeneste i Washington National Cathedral. Gudstenesta markerer tradisjonelt avslutninga av arrangementa i samband med innsettinga av Donald Trump som USAs nye president.
Kjelde: NTB, Vårt Land
---