Nyheter

Caritas-direktør i Midtøsten er bekymra for høgrebølgje: – Ser ei vending i verdiar

OSLO/MIDTØSTEN: Caritas-direktør for Midtøsten er bekymra for at høgrebølgja som skyller over Europa vil påverke bistanden til Midtøsten endå meir.

Med over 15 månader med krig på Gazastripa, der minst 46.707 palestinarar er drepne og 110.265 skada i israelske angrep, i tillegg til krigen i Libanon og regimefallet i Syria, har det vore ei krevjande tid for hjelpeorganisasjonar i området.

– Me treng våpenkvile for å redusere grusomheita og dødsfalla, seier Karam Abi Yazbeck, direktør for den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas sitt arbeid i Midtøsten og Nord-Afrika til Vårt Land.

Karam Abi Yazbeck, direktør for den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas sitt arbeid i Midtøsten og Nord-Afrika

Yazbeck er i Norge for å ta del i politiske møter og dele av erfaringar frå «bakken». Vårt Land møter han etter eit seminar på fredsforskingsinstituttet PRIO, der han saman med aktørar som Norsk Folkehjelp og Kirkens Nødhjelp, har snakka om hjelpeorganisasjonane si rolle i utviklinga i Midtøsten.

Redd for europeisk høgrebølgje

Yazbeck bekymrar seg for tendensane ein ser i Europa, at høgrepopulistiske parti får meir makt i mange land. Då trur han også at det vil bli endå mindre bistand til krigsområde i Palestina og Libanon.

– Eg er redd for dette prioriteringsskiftet og den vendinga i verdiar me ser. Det påverkar på mange nivå, seier han.

Her heime har statsministerkandidat for Høgre, Erna Solberg, nyleg sagt at ho ønskjer at Norge skal engasjere seg mindre i Midtøsten. FrP, som no er største partiet i landet, har også før Gaza-krigen starta villa kutte i bistand til Palestina.

Merker gjevartrøyttheit

Det merkast at interessa for krigen i Midtausten har byrja å dale hos givarland, ifølgje Yazbeck.

– Me opplever denne trøyttheita i donasjonar, både i Palestina, men også andre stader i Midtøsten. Me ser kanskje også ei endring av politiske avgjersler og prioriteringar. Me har til dømes sett nokre donorar stoppe eller endre bistanden. Dette byrja ikkje nyleg, men har halde på ei stund.

Han fortel om at det etter havneeksplosjonen i Beirut i 2020, kom mykje hjelp. I eksplosjonen vart 218 personar drepne, 7.000 skada og 300.000 vart heimlause.

– Kanskje det at det var ein såpass svært eksplosjon, som skjedde på ein dag, gjorde at det fekk større merksemd. Under denne krigen har det vore mykje mindre merksemd, sjølv om den har vart lenger, seier Yazbeck.

– Dette kan ta månader

Regjeringa i Israel har i skrivande stund godkjent forslaget om våpenkvile i Gaza. Hamas har allereie godkjent avtalen, ifølgje NTB. Ein del av avtalen er at Israel skal sleppe inn opptil 600 lastebilar med nødhjelp om dagen.

Sjølv om Yazbeck håpar stort på våpenkvile, synest han det er for tidleg å seie noko om framtida, og om dette kan føre til ei meir langvarig fred mellom partane.

– No er våpenkvila delt inn i tre fasar, og me snakkar førebels berre om fase ein. Me ventar på ein plan for fase to og tre, og dette kan ta månader. Dei snakkar ikkje om å byrje på rekonstruksjonen før fase tre, seier Caritas-direktøren.

Røyken stiger etter et luftangrep mot et område i Gaza onsdag morgen. Bildet er tatt fra den israelske siden av grensen. Foto: Tsafrir Abayov / AP / NTB

Yazbeck peikar på at det ikkje er noko infrastruktur att i Gaza, at alt er øydelagt; Ingen vatn, ingen elektrisitet, fungerande sjukehus. Dette kan skape utfordringar med å distribuere bistanden som skal krysse grensene under våpenkvila.

– Sjølv om det vert våpenkvile og bistand sendast inn i Gaza, korleis skal ein gjere det? spør han.

Bekymra for brot på våpenkvila

Ein anna bekymring Yazbeck har er at våpenkvila ikkje skal verte respektert.

– Frå tidlegare erfaringar i Libanon og våpenkvila som starta for 40 dagar sidan, vart den ikkje eigentleg respektert. Det har vore mange brot på våpenkvila kvar dag av israelske styrkjer, seier han.

Israel har gjentekne gonger angripe Libanon etter at våpenkvila vart inngått, ifølgje NTB. Våpenkvila mellom Israel og Hizbollah endar 27. januar og Yazbeck seier at dette framleis er veldig skjørt og at ein enno ikkje veit korleis dette skal ende.

– For Gaza er det det endå meir kritisk på grunn av den humanitære krisa der.

UNRWA-forbod trer i kraft i slutten av januar

Ei anna stor utfordring er Israel si avgjersle om å forby FN-organisasjonen UNRWA i Palestina. Denne lova vil tre i kraft 28. januar og kjem til å gjere det endå vanskelegare å distribuere bistand. UNRWA spelar ei stor rolle i fleire delar av det palestinske samfunnet, ifølgje Yazbeck.

– Om dette skjer, samtidig som meir bistand vert sleppt inn, vil det vere svært høg risiko for kaos inne i Gaza. Eit forbod mot UNRWA vil også kunne påverke internasjonale hjelpeorganisasjonar, fordi all koordinasjonsmekanisme for desse går gjennom UNRWA, seier han.

Yazbeck ikkje forbodet vil ha stor innverknad på Caritas sitt arbeid i Gaza, fordi dei allereie er ein lokal organisasjon.

– Me har sentra våre, staben vår, og me gjer tenestene våre som før. Men, me har også pleidd å koordinere og samarbeide tett med UNRWA, fortel direktøren.

– Mesteparten av tida kjenner du deg skuffa

Yazbeck, som alltid har budd i Midtøsten, har opplevd mange krigar og konfliktar. Dei siste 15 månadane med krig i Gaza, og så i Libanon, har vore vanskelege for han personleg også.

– Eg er libanesar, basert i Beirut – så eg har opplevd heile den libanesiske borgarkrigen frå 1975–1990. I tillegg har eg opplevd mange israelske krigar med Libanon, men også i Palestina og andre krisar, fortel han.

Å ha ansvar som humanitærarbeidar og leiar av ein stor regional organisasjon, trur han legg eit ekstra ansvar på skuldrene hans. Han kjenner eit stort ansvar på å gjere sitt beste.

Karam Abi Yazbeck, direktør for den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas sitt arbeid i Midtøsten og Nord-Afrika

– Mesteparten av tida kjenner du deg skuffa, og samtidig har du ei kjensle av å ikkje gjere nok. Min største frustrasjon då krigen i Gaza byrja, var å sjå at ein så stor del av det internasjonale samfunnet ikkje viste noka empati med det palestinske folket. Nokre land og nokre menneske fokuserer berre på 7. oktober, og dei har ikkje sett alt som kom etter, seier han.

Caritas-direktøren understrekar at 7. oktober var heilt uakseptabelt, men at det i ettertid har blitt brukt som ei unnskyldning for alt Israel gjer, noko sivile palestinarar har betalt prisen for.

– Du kan ikkje vere redd og gøyme deg

Med base i Beirut, hamna han sjølv og familien også i risiko, då krigen mellom Hizbollah og Israel braut ut i oktober i fjor.

– Då er det ikkje lenger berre sympatisering med andre, ein er då også i ein situasjon med svært høg risiko for ditt eige liv og for dei du er glad i. Samtidig skal du fortsette å vere profesjonell og gjere det ein må til alle de som trenger din støtte. Du kan ikkje berre vere redd og gå og gøyme deg ein stad. Du må fortsette med arbeidet og vere klar for alt, for du ser andre gå igjennom verre situasjonar. Eg kan seie at det ikkje har vore lett, fortel Yazbeck.

---

Krig i Midtøsten

  • Ny krig braut ut mellom Israel og Hamas etter Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023, der over 1.100 menneske vart drepne og 251 vart tekne som gislar. Israel sin militære reaksjon og krig mot Gazastripa og Vestbreidda har vart i snart 16 månader.
  • Så langt har minst 46.707 palestinarar vorte drepne, og over 110.265 er skada i israelske angrep. Det er uvisst kor mange som ligg gravlagd under ruinar. Fleire hundre hjelpearbeidarar har også vore drepne.
  • Menneskerettsorganisasjonen Amnesty har i ein rapport konkludert med at Israel begår folkemord på palestinarar.
  • Israel invaderte i oktober 2024 det sørlege Libanon, etter konflikt med Hizbollah. 27. november 2024 inngjekk partane våpenkvile. Denne våpenkvila inneber mellom anna at Israel gradvis skal trekkje seg ut av Libanon i løpet av 60 dagar.
  • 17. januar inngjekk Israel og Hamas ei våpenkvile i tre fasar. Den første fasen skal vare i 42 dagar og inneber mellom anna at 33 israelske gislar lauslatast. Det er også venta at Israel er villige til å frigje rundt 1.000 palestinarar frå israelske fengsel i retur.

Kjelder: FN, NTB, SNL, Amnesty

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter