– Me stiller oss undrande til kor lovleg dette reisedokumentet er, seier advokat Mona Tatou. Ho representerer Nagga Hailemichael som skal ut av Norge med tvang.
– Eg har aldri hatt dokument som viser at eg er etiopisk. For far min hadde ukjent etnisk opphav, fortel Hailemichael på telefon frå Politiets utlendingsinternat.
Den fengselsliknande institusjonen på Trandum, like ved flyplassen på Gardermoen, er siste stopp før politiet deporterer dei som ikkje reiser heim frivillig – etter endeleg avslag på asylsøknaden.
Me stiller oss undrande til kor lovleg dette reisedokumentet er
— Mona Tatou, advokat
Har vore innelåst i over to månader
Nagga Hailemichael har vore låst inne på internatet sidan 31. oktober – og kan haldast internert fram til 16. januar, har Oslo tingrett avgjerda.
Rett før jul fekk Politiets utlendingseining (PU) det dei treng for at norske styresmakter kan få deportert han til Etiopia:
- Etiopia har godkjent at Hailemichael er etiopisk borgar.
- Etiopia har sagt seg villig til å ta imot Hailemichael når Norge deporterer han.
- Etiopia har gjeve han reisedokument PU kan bruke ved tvangsreturen.
Blei oppsøkt av etiopiarar
I desember fortalde Vårt Land kva som skjedde då Nagga Hailemichael i november skulle bli avhøyrt av ein etiopisk delegasjon som kom til Trandum for å avklare identiteten hans.
Då han nekta å møte etiopiske tenestemenn, oppsøkte dei han på cella på Politiets utlendingsinternat, saman med politiet.
– Dei trengde seg på og var svært truande, det var skremmande.
– Kva ønskte dei at du skulle gjere?
– Eg skulle seie meg villig til å reise til Etiopia. Det vil eg ikkje.
Hailemichael har ikkje godkjente identitetspapir som stadfestar at han er etiopisk borgar. 44-åringen flykta frå landet som 13-åring – og søkte asyl i Norge i 2002.
Eg har aldri hatt dokument som viser at eg er etiopisk
— Nagga Hailemichael
Etiopia sa lenge nei
«I lang tid var det vanskelig å returnere etiopiske statsborgere», opplyser Oslo tingrett i avgjersla av 19. desember der Hailemichaels internering blir forlenga med fire nye veker.
Norge fekk ein avtale om retur til Etiopia i 2012, som blei fornya i 2019. Likevel har Etiopia vist liten vilje til å ta i mot statsborgarar Norge vil deportere.
Men i vår kom det ein etiopisk delegasjon til utlendingsinternatet og i november kom det ein ny. Siktemålet var å få stadfesta identiteten til dei mange etiopiarane politiet hadde samla inn, slik at Norge får sendt dei tilbake.
Har fått reisedokument
No viser det seg at sjølv om Nagga Hailemichael ikkje ville møte identifiseringsdelegasjonen frå Etiopia, har han blitt godkjent som statsborgar i landet han flykta frå som tenåring, og han har fått reisedokument norsk politi kan bruke.
Seksjonsleiar for ID-avklaring i Politiets utlendingseining (PU), Håvard Johnsen Bekk, forklarar i ein epost til Vårt Land kva som har skjedd:
«Etiopiske styresmakter har etter framlegging av informasjon frå PU, og dessutan samtale mellom Hailemichael og delegasjonen frå Etiopia verifisert at han er borgar av Etiopia. På denne bakgrunnen har ambassaden til Etiopia i Sverige utskrive eit reisedokument.»
Hailemichael sjølv protesterer mot PUs opplysningar:
– Eg hadde ingen samtale med den etiopiske delegasjonen, seier han på telefon frå utlendingsinternatet.
Justisminister Mehl held avtale hemmeleg
– Fremma PU ein førespurnad til etiopiske styresmakter om å gje Hailemichale reisedokument på grunnlag av den informasjonen PU har om Hailemichael?
«Tilbaketakelsesavtalen mellom Noreg og Etiopia er følgt i arbeidet med saka til Hailemichael, og ambassaden til Etiopia i Sverige har utskrive eit reisedokument», svarar seksjonsleiar Johnsen Bekk.
Sjølve avtalen mellom Norge og Etiopia har justisminister Emilie Mehl (Sp) avgjort skal vere hemmeleg. Sjølv ikkje Stortinget får innsyn, for det vil «kunne medføre betydelig skade for norske interesser i saken dersom det nå gis innsyn, og skadevirkningene vil også kunne ramme fremtidige saker», opplyste Mehl i mai i fjor.
Likevel opna ho litt: «Avtalen inneholder opplysninger om reisedokument, utstedelse av laissez-passer og reisedokument.»
Politiet: Blei ein kort samtale
– Men det var ingen samtale mellom Hailemichael og delegasjonen frå Etiopia opplyser både Hailemichael sjølv og advokaten hans, for Hailemichael nekta å møte delegasjonen og samtale med denne. Er det forsøket på samtale eller avhøyr som blir definert som gjennomført samtale?
«Det vart gjennomført ein kort samtale mellom Hailemichael og delegasjonen. Til stades under denne korte samtalen var òg tolk og norsk politi. Dette saman med opplysningar frå PU gjorde at han vart verifisert som borgar av Etiopia», svarar Johnsen Bekk i eposten.
Vårt Land har også spurt PU:
– De opplyser at PU har lagt fram informasjon for etiopiske styresmakter om Hailemichael – ut frå dette kunne PU berre oversendt skriftleg informasjon om Hailemichael per epost til Addis Abeba, så kunne etiopiske styresmakter verifisert han som borgar av Etiopia utan å komme til Norge?
Seksjonsleiar Johnsen Bekk I PU svarar ikkje på dette spørsmålet.
Førebur søksmål for å få bli i Norge
I avgjerda frå Oslo tingrett skriv domstolen at politiet har opplyst at uttransporteringa av Nagga Hailemichael «vil skje i begynnelsen av 2025».
Advokat Mona Tatou har starta ein prosess som kan ende med at så ikkje skjer.
– Me arbeider med eit søksmål mot staten ved Utlendingsnemnda. Nagga Hailemichael ønskjer å gå rettens veg for å få bli i Norge.
Difor har Tatou både anka avgjerda om forlenga internering til lagmannsretten, og fremma eit krav om at tvangsreturen ikkje må bli gjennomført.