Nyheter

Råd åtvarar: Fritt donorval kan gjere foreldre skuffa

BIOTEKNOLOGILOVEN: Når ein fritt kan velje partnar, kan vel også par fritt få velje kva eigenskapar ein sæd- eller eggdonor skal ha, om ein treng hjelp til å bli foreldre? Nei, seier statleg råd.

Men Bioteknologirådet er splitta. Fleirtalet på ti seier nei, mindretalet på fire seier ja.

Usemja handlar om to forhold:

Kven skal velje ut sæd- eller eggdonor – behandlande lege eller komande foreldre?

Kva informasjon om donor skal liggje til grunn – berre avgrensa fysiske trekk eller ingen avgrensingar?

Usemja er oversendt i brevs form til helseminister Jan Christian Vestre (Ap), som arbeider med ein revisjon av bioteknologiloven.

Rett før jul i 2023 fekk Bioteknologirådet eit brev frå Helsedepartementet, melde Vårt Land:

«Regjeringen vil gjennomføre en evaluering av bioteknologiloven.»

Rådets samla lovevaluering skal vere ferdig innan 15. mai 2025, vel ein månad før Stortinget tek ferie og førebur seg på stortingsval.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) seier at hans viktigaste jobb er å få ned ventetida i sjukehusa, og ber derfor sjukehusa bryte færre fristar. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Skal staten blande seg i kva barn foreldre kan få?

I tilrådinga til departementet problematiserer rådet val av donor:

«Eit viktig spørsmål er om val av donor kan samanliknast med korleis foreldre elles har innflyting på genane til sine framtidige barn gjennom val av partner. At det er staten som legg til rette for at eit barn skal bli til, nyttast ofte som eit argument for å ha ein strengare kontroll over val knytt til foreldreskap.»

Døme på slik statleg kontroll er barneomsorgsattesten og den psykososiale vurderinga av kvinner eller par som ønskjer assistert befrukting.

Om den eller dei komande foreldra kan påverke det komande barnets genetiske eigenskapar direkte gjennom val av donor, kan det bidra til at reproduksjon får eit preg av handel og transaksjon, skriv rådet.

«Eit slik preg av kjøp og sal kan skape uheldige konsekvensar dersom foreldra opplever å ikkje få det produktet som dei ønskte seg, til dømes knytt til utsjånad eller intelligens. Når den eller dei blivande foreldra vel donor, kan dette òg gjere dei meir oppteken av genetisk arv og mindre av dei sosiale banda som familien skal etablere.»

Delt i fleirtal og mindretal

Bioteknologirådet gjev ikkje eit samla råd.

Eit mindretal på fire seier at den eller dei framtidige foreldra sjølve må få velje eggdonor eller sæddonor – og at bioteknologiloven difor må bli liberalisert.

Mindretalet grunngjev dette med «verdien av foreldra sin autonomi og moglegheit til å treffe val for seg sjølv og sine framtidige barn». Dei fire vil også fjerne dagens avgrensingar på kva for informasjon om donor som skal vere tilgjengeleg.

I dag er det berre lov å velje donor etter dei fysiske trekka høgde, hud-, hår- og augefarge.

Fleirtalet på ti, som inkluderer rådsleiar Marianne Aasen, vil ikkje endre dagens lov:

Dei meiner at det framleis bør vere behandlande lege som vel eggdonor eller sæddonor.

Når Bioteknologirådet ser til Norges naboland, finn dei ein sprikande praksis. Sverige gjer som fleirtalet i rådet ønskjer, Danmark som mindretalet.

Bioteknologirådet tar surrogatidebatten i Arendal.

Kan designe eigne barn

Nordmenn kan fritt reise utanlands for å kjøpe hjelp på fertilitetsklinikkar – og utanlandske aktørar tilbyr ofte langt meir informasjon om donor enn berre fysiske trekk.

At donorane sine interesser, utdanning og bakgrunn er aktuelt for donorvalet er først og fremst relevant dersom den eller dei framtidige foreldra vel donor, skriv rådet, og legg til:

«Om meir informasjon om donor er tilgjengeleg vil nokre meine at assistert befrukting tek enda eit steg i retning av kommersialisering, der den eller dei framtidige foreldra kan designe og bestille eit barn ut frå eigne preferansar.»

Val som kan gjere foreldre skuffa

Rådet sender også frå seg ei åtvaring:

«Meir informasjon om donor kan òg ha negativ innverknad. Dei aller fleste eigenskapane hjå eit menneske skuldast eit komplekst samspel mellom genar og miljø. Søsken med same genetiske foreldre kan ha heilt ulike fysiske og psykologiske trekk, som òg kan skilje seg frå begge foreldra. Å velje donor med bestemte eigenskapar og tru at desse vil arvast ned til barnet kan føre til skuffelse og negative overraskingar hjå den eller dei framtidige foreldra.»

Seier samla nei til screening

I ei sak er Bioteknologirådet heilt samde:

I utanlandske eggbankar og sædbankar er genetisk screening av donor vanleg. I Norge blir ikkje donorar til norske egg- og sædbankar genetisk testa.

Bør loven bli endra slik at også Norge startar med gentesting? Nei, seier Bioteknologirådet.

---

Bioteknologirådet

  • Eit frittståande, rådgjevande organ, er oppnemnt av regjeringa og er heimla i genteknologiloven og bioteknologiloven.
  • Er høyringsinstans for styresmaktene i samband med saker om moderne bioteknologi.
  • Gjennomførte ei omfattande evaluering av bioteknologiloven i åra før Stortinget vedtok ny lov i 2020.
  • På oppdrag frå Helsedepartementet gjennomfører rådet ei ny evaluering, som skal vere ferdig i mai 2025.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter