Nyheter

Opnar kyrkja etter dødsfall på Jæren

DØDSFALL: Bore kyrkje opnar dørene etter at to personar er døde etter skyting. – Røskar i den trygge jærske kvardagen, seier sokneprest.

Laurdag heldt Bore kyrkje ope mellom klokka 17 og 20. Tilbodet er for dei som treng nokon å snakka med eller ein stad å gå til etter skytinga på Jæren, der to personar er døde.

– Det er mange som føler seg berørt, det merker eg i samtalar og på sosiale medier. Det er ei hending som opprører og røskar i den trygge jærske kvardagen.

Det seier sokneprest for Frøyland og Orstad kyrkjelyd, Morgan Fjelde, til Vårt Land. Han har ansvaret for arrangementet i Bore kyrkje, som er kome til i samråd med Klepp kommune.

– Det viktige er å ha eit ope rom med moglegheit for samtale, tenna lys og ta i mot dei som måtte koma.

f

Ordførar: – Vi er alle sterkt prega

Ein politimann i 20-åra og ein mistenkt mann i 40-åra døydde etter ei skotveksling på Klepp på Jæren natt til laurdag. Ein annan politibetjent er skada etter hendinga.

Skytinga fann stad i 1.30-tida.

– Dette er ei svært trist og tragisk hending. Vi er alle sterkt prega, og ønskjer å uttrykkja vår djupaste medkjensle med alle dei pårørande og dei involverte, seier ordførar i Klepp, Kjetil Maudal (Frp), i pressemeldinga til Klepp kyrkjelyd.

Vest politidistrikt har overteke etterforskinga

Vest politidistrikt er oppnemnt som settepolitidistrikt og har overteke etterforskninga av straffesaka mot den mistenkte mannen i 40-åra som døde etter skotvekslinga med politiet.

Etterforskarar og teknikarar frå Vest politidistrikt har ved 12-tida laurdag begynt å ankomme Stavanger, melder NTB.

Også Spesialenheten er kopla inn, som skal etterforska politiets handlingar då den mistenkte mannen vart skoten og drepen.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter