Nyheter

Massegraver kjem for dagen: – Me har faktisk ikkje sett noko liknande sidan nazitida

LÆRTE OPP SYRIA: SS-offiseren var ansvarleg for drap på 128.500 jødar. Så stakk Alois Brunner til Syria og lærte opp landets hemmelege tenester i sadisme. No veltar lik opp av sanden.

SS-offiseren likte å torturere jødar. Han likte å sjå dei lide.

Austerrikaren brukte ein hestepisk laga av tynne skinnreimer og jerntrådar.

Han toppa ettersøktlista i etterkrigsåra, men var krigsforbrytaren som slapp unna.

Etter eit tysk mellomspel dukka han opp i Damaskus i Syria.

Her byrja han å lære vekk kunnskapen frå jakta på jødar i Europa.

Syrias tryggingstenester blei mellom dei mest brutale og hata i Midtausten.

Men til sist blei også Alois Brunner straffa.

syria

Dreg parallellar med naziåra

Brutaliteten til Assad-regimet blir no synleg på markene utanfor syriske byar. Lik veltar opp av opna massegraver. Så mange som 100.000 kan liggje spadd ned i den største, ho i Qatayfah

– Me har faktisk ikkje sett noko liknande sidan nazitida, seier Stephen Rapp, ståande ved ei stor massegrav utanfor byen Najha.

Rapp er folkerettsjurist og amerikansk ambassadør. Han har leia Kontoret for global kriminalitet og justis, vore påtaleleiar ved Det internasjonale tribunalet for Rwanda, som blei etablert etter folkemordet i 1994, og ved Spesialdomstolen for Sierra Leone, som var i funksjon etter borgarkrigen på 1990-talet.

Rapp meiner massegravene avslører Assads «døds­maskineri». Far og son Assad styrte Syria med særs brutal hand i nesten 55 år. Hafez frå 1970 til 2000, Bashar frå 2000 til han flykta frå Syria med familien til Moskva 8. desember.

Assad junior stakk av frå ein koalisjon av opprørarar som no styrer Syria.

Me har faktisk ikkje sett noko liknande sidan nazitida

—  Stephen Rapp, amerikansk ambassadør

Blei ein etterspurd mann

Når Rapp samanliknar Syrias massegraver med nazitida, ser han kanskje ein nidkjær mann frå Austerrike dukke opp i bakspegelen.

Alois Brunner.

Etter å ha brukt opp farsarven på ein mislukka kafe i Wien, som gjekk konkurs, satsa unge Brunner på ein politisk karriere, i Adolf Hitlers naziparti, NSDAP. Han gjekk inn i paramilitære avdelingar, først SA, så SS.

I 1938 blei han «rett mann på rett plass». I løpet av fire år var han med å gjere Wien judenfrei – eller «jødefritt» – som leiar av Sentralkontoret for jødisk utvandring.

Brunner organiserte deportasjonen av Wiens jødar til gettoar og vidare til dødsleirane i Aust-Europa. Han blei ein etterspurt mann.

Der det var jødar som skulle samlast inn, deporterast og drepast, og særleg der folkemordet hadde stoppa opp, der var Alois Brunner. Han evna å optimalisere deportasjonane.

Først i Austerrike, så i Tyskland, Hellas, Slovakia, Frankrike.

foto

«Ein av mine beste menn»

SS-offiseren Adolf Eichmann var, som sjef for jødesaker i Hovedkontoret for rikstryggleik, hovudansvarleg for logistikken under Holocaust: Få flest mogleg jødar transporterte til utryddingsleirane.

Alois Brunner var ein av Eichmanns næraste medhjelparar. Han blei gjort personleg ansvarleg for at nesten 128.500 jødar blei sendt til nazistanes dødsleirar.

Brunner likte også å torturere jødar personleg, med den spesiallaga pisken.

Jødar som overlevde Holocaust skildra den vesle austerrikaren som «den mest kaldblodige mordaren i Eichmanns følgje».

Sjølv skal Eichmann ha sagt om Brunner: «Ein av mine beste menn.»

Flykta frå rettsoppgjer

I tumultane etter at freden var vunnen i 1945 klarte Alois Brunner å komme seg unna rettsoppgjeret. Han klarte å busetje seg i Tyskland.

Men i 1954 byrja marka under han å brenne, ein fransk domstol dømde han til døden in absentia for deportasjonane av franske jødar.

Difor flykta Brunner frå Tyskland, først til Egypt, så til Syria, som blei hans nye heimland.

I førstninga livnærte han seg som våpenhandlar, saman med andre nazistar som hadde funne ei trygg hamn i Syria.

I 1959 skal han ha blitt arrestert av tryggingspolitiet, som mistenkte han for også å vere spion. Utfallet av møtet blei ein opptur for Brunner.

dik

Perfeksjonerte torturmetodar

Han blei rådgjevar for tryggings- og etterretningstenestene som særleg jakta spionar.

Alois Brunner blei også noko langt meir brutalt: Han blei avhøyrs- og torturinstruktør, han henta fram gammal kunnskap frå åra som SS-offiser på jakt etter jødar.

General Ali Issa Ibrahim Duba, som leia den mektige militære etterretningstenesta i åra 1973-2000, skal ha vore ein av ein Brunners ivrige studentar.

Duba fylte Syrias fengsel i tiår. Mange kom aldri ut i levande live.

Overlevde to drapsforsøk

Alois Brunner levde det gode liv i Damaskus. Han fekk bu i George Haddad gata, ein avstengt del av hovudstaden som husa regimets fremste uniformerte og sivile vaktarar.

Tyskland og Frankrike kravde han utlevert og nazi-jegerane Simon Wiesenthal og Serge og Beate Klarsfeld gav aldri opp å få stilt han for ein domstol.

Me kjenner ikkje Alois Brunner, svarte Damaskus kvar gong.

Men ein stat klarte nesten å drepe han. To gonger prøvde Israel å ta livet av Brunner med brevbomber, i 1961 og 1980. Han berga livet, men blei kraftig merka. Han mista synet på eine auga og fire fingrar på venstra hand.

I 1985 blei han vist fram for verda. Det tyske magasinet Bunte fann Alois Brunner i Damaskus, i George Haddad gata. Han hadde syn på berre eit auge og mangla fire fingrar.

opna

Straffa mildare enn jødane han straffa

Til sist fall den gamle krigsforbrytaren i unåde hjå Syrias sterke mann, Hafez al-Assad.

Alois Brunner skal ha blitt låst inn i eit kjellarrom på 1990-talet, strippa for alle privilegium. Assad-regimet skal ikkje ha likt alle intervjua han stilte opp i med utanlandske medium som tok kontakt.

Når Brunner døydde er uklart, for fleire årstal er presenterte; 2001, 2008, 2010. Men Syrias makthavarar skal ha gravlagt han på ein muslimsk gravlund.

Tusental menneske arbeidde med drap i dette systemet

—  Stephen Rapp, amerikansk ambassadør

Arkiv kan bli opna

I 2014 fjerna Simon Wiesenthal Centre, som jaktar Holocaust-ansvarlege, Alois Brunner frå lista over dei verste nazi-krigsforbrytarane som framleis var i live. Direktør Efraim Zuroff forklarte kvifor:

– Eg er ganske sikker på at han ikkje lever lenger.

Zuroff opplyste at Brunner mest sannsynleg døydde i 2010.

I juli 2022 blei søket etter krigsforbrytaren offisielt avslutta i Tyskland. Utan rettssak og dom slo statsadvokaten i Köln fast at Alois Brunner måtte vere død, for det var 110 år sidan han blei fødd.

Kanskje opnar Syrias nye makthavarar arkiva og viser fram detaljane i Alois Brunners syriske liv.

Syrias dødsmaskineri

Ambassadør Stephen Rapp kallar far og son Assads Syria for eit statleg dødsmaskineri:

– Frå det hemmelege politiet som bortførte folk frå gatene og heimane deira, til fangevaktarane og forhøyrsleiarane som svelta og torturerte dei til døde, til lastebil– og bulldosarsjåførane som gøymde kroppane deira, tusental menneske arbeidde med drap i dette systemet.

Kjelder: Museum of Tolerance, Gedenk- und Bildungsstätte Haus der Wannsee-Konferenz, Simon Wiesenthal Center, New Lines Magasin, Bunte, Reuters, DPA, AFP, Welt, France24, Berlingske, Times of Israel, The Guardian, BBC, New York Times

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter