Nyheter

Stortingspresidenten: Julebodskapen bidrar til inkludering

SKULEGUDSTENESTE: Kari Nessa Nordtun (Ap) og Masud Gharahkhani (Ap) deltok på skulegudsteneste i Grønland kirke saman med elevar frå Oslo-skular. – Bidreg til inkludering, seier stortingspresidenten.

Grønland kyrkje er full av elevar som snart er klare for juleferie. Små hovud, nokre med nisselue på, rører seg mellom kyrkjebenkane, og fell etter kvart til ro når tonane av Glade jul og sju raude kapper inntar rommet.

På ein av kyrkjebenkane sit to kjente fjes og føl nøye med på kva som skjer oppe ved alteret.

Det er kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap), som har tatt turen for å overvære skulegudstenesta.

Lars Martin Dahl, prest i Grønland kirke under julegudsteneste Oslo-elevar

Gharahkhani meiner skulegudstenestene har ein viktig funksjon.

– Eg er sjølv muslim, og då eg var barn, var eg også med på julegudsteneste. Eg syntest det var fint. Juleevangeliet handlar jo om medmenneskelegdom og nestekjærleik, og det tenkjer eg er fint at alle lærer om, seier han til Vårt Land.

Pedagogisk gudsteneste

Skulegudstenester er ikkje heilt som andre gudstenester, dei er godt tilpassa aldersgruppa – noko som ser ut til å fange merksemda til alle dei frammøtte.

– Ikkje sei det til nokon, men dette er den gudstenesta eg gler meg mest til, seier Lars Martin Dahl, prest i Grønland kyrkje til forsamlinga.

Julegudsteneste i Grønland kirke for elevar ved tre Oslo-skular. Kari Nessa Nordtun (Ap) og Masud Gharahkhani (Ap) var også til stades

Dahl viser fram dei ulike stolaane, det bandet presten ber over skuldra under liturgien, til forsamlinga av nysgjerrige born. Kvit, grøn, raud og fiolett – dei symboliserer ulike ting.

– Fiolett er ventefargen, og det er den eg brukar i adventstida, fortel presten.

– Ei forteljing om oss alle

Presten snakkar om at ulike ting i kyrkjerommet kjem frå ulike land, akkurat som oss menneske. Juletreet i kyrkja er frå Tyskland, Jesus-barnet som ligg i krybba ved alteret er frå Italia og den vesle engelen presten sjølv har i lomma kjem frå Malawi, fortel han.

– Heile forteljinga me fortel her i kyrkja kvar jul, handlar om oss alle. Uansett kva me måtte tru eller ikkje tru på, kvar me kjem frå eller kva språk me snakkar. Me er alle del av den same forteljinga, seier presten.

Elevane frå dei tre barneskulane Tøyen, Vahl og Gamlebyen er aktivt med i julegudstenesta. Dei les frå Juleevangeliet, dikt av Inger Hagrup, tenner ljos og syng julesongar.

St. Hallvard-guttene syng under julegudsteneste i Grønland kirke

Dahl spør tre av elevane, som er oppe på for å lese ein tekst om håp, kva dei synest er viktig i jula.

– Familie, kjærleik, vere snill og hjelpe dei som ikkje har noko, svarar dei tre jentene.

– Alle barn har godt av å delta

I haust har det vore debatt om skulegudstenester i undervisninga er lov eller ikkje. Utgangspunktet er at den nye Opplæringslova trådde i kraft 1. august, der det mellom anna står at forkynning i opplæringa ikkje skal finne stad – noko som har skapt forvirring på enkelte skular. Kunnskapsministeren og stortingspresidenten har begge gått ut og sagt at dei er for skulegudstenester.

Stortingspresidenten har tidlegare sagt at han synest alle born bør delta på skulegudsteneste, noko han gjentek no.

Stortingspresident Masud Gharahkhani  utanfor Grønland kirke der han har deltatt på skulegudsteneste saman med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap)

Gharahkhani synest skulane skal arrangere skulegudstenester og meiner at det bidreg til eit sosialt fellesskap uavhengig av kva religion eller kva bakgrunn ein har.

– Eg syns dette var fint, og tenkjer at alle barn har godt av å delta på dette. Norge er eit kristen land, det store fleirtalet feirar jul, og at alle born får lov til å lære om jula sin bodskap og delta i det sosiale fellesskapet, det trur eg bidreg til inkludering. Det såg ein også under julegudstenesta i dag, kor flinke ein er til å inkludere alle barn, seier han.

Vil tydeleggjere at skulen skal tilby skulegudstjeneste

– Me er her for å møte unge, vere saman og delta på skulegudstenesta – som eg må seie var veldig fin. Ikkje minst veldig flinke born som deltok både med song og tekst, så det var ei fin oppleving, seier Nessa Nordtun til Vårt Land etter skulegudstenesta.

Norge er eit kristen land, det store fleirtalet feirar jul

—  Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap)

Statsråden meiner det er viktig å tydeleggjere at skular framleis skal kunne tilby elevane skulegudstenester.

– Ja, det er viktig å understreke det. Samtidig er det viktig å seie at ein har full fridom til å gjere noko anna om ein ynskjer det. Men eg synest det er ein viktig del av vår tradisjon at me har dette tilbodet om skulegudstenester, skulane har fullt høve til å tilby dette, seier ho.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) utanfor Grønland kirke der ho har deltatt på skulegudsteneste saman med stortingspresident Masud Gharahkhani

Nessa Nordtun seier ho at tradisjonen med skulegudsteneste skal halde fram.

– Det var ein veldig fin seremoni med flotte songar som me alle kan kjenna igjen. Eg forstår at nokre har ønska å seie at det har skjedd ei endring, men det er viktig for meg å seie at det har det ikkje, seier statsråden.

Finn og Sunniva: – Koseleg med julegudsteneste

Rektor ved Gamlebyen skole, Geir Johansen fortel at skulen hadde ein runde på dette med skulegudstenester i haust, men var einige om at dei skulle halde fram med å tilby skulegudsteneste til elevane.

– Me har også eit alternativt opplegg på skulen, der omkring 200 av elevane er no, seier han.

Finn Berg (12) og Sunniva Stemland (12) går i 7. klasse på Gamlebyen skole. Dei seier dei har fått med seg at det har vore debatt om skulegudstenester i haust.

Finn berg (12) og Sunniva Stemland (12) går i 7. klasse på Gamlebyen skole. Dei seier dei har fått med seg at det har vore debatt om skulegudstenester i haust.

– Eg synest det er bra med skulegudstenester. Det er koseleg før jul, seier Finn.

– Det synest eg og. Eg har nesten alltid vore med på det. Det var ein gong eg var igjen på skulen får å prøve det ut også, seier Sunniva.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Mer fra: Nyheter