I september kom Kjersti Toppe med nyheita om eit regjeringsnedsatt utval som skal gjennomgå støttesystemet som finst på trus- og livssynsfeltet i dag – eit arbeid statsråden avslørte hadde pågått eit halvår.
– Målet er at dei skal utarbeide minst ein alternativ modell for finansiering av trus- og livssynssamfunnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Vårt Land.
Modellen skal, ifølgje statsråden, gjere trusfinansieringa meir berekraftig på sikt og rette opp i dei svakheitene ein ser i dagens modell.
Avisa møter Sp-statsråden i barne- og familiedepartementet for å høyre meir om kven og kva utvalet innber.
Eivind Smith skal leie
Utvalet skal bestå av leiaren, professor Eivind Smith, samt seks medlemmer. To av medlemmene representerer trus- og livssynsfeltet. Dette er Bente Sandvig og Jørn-Hennig Theis. I tillegg skal tidlegare sokneprest på Årnes Tyra Margrethe Ekhaugen inn med ekspertise på samfunnsøkonomi.
Sandvig er tidlegare leiar i STL, som ho også vart føreslått av, og har vore medlem av fleire tidlegare regjeringsutval, mellom anna Stålsett-utvalet. Theis er administrerande direktør for Stiftelsen Diakonova Haraldsplass, og har mellom anna erfaring som leiar for fellesrådet i Bergen og som mangeårig styreleiar i Sjømannskyrkja. Theis vart føreslått av DNK.
Desse sit som sjølvstendige medlemmar i utvalget, ifølgje Toppe.
– Me har vurdert dette veldig grundig, for eg har vore oppteken av at utvalet skal ha tillit i sektoren, slik at utredninga òg får eit godt utgangspunkt. Me har medlemmar med ulik kompetanse og god geografisk spreiing, seier Toppe.
Andre i medlemmar i utvalet er statsforvaltaren i Agder Gina Elisabeth Lund, rådgjevar i Norsk Institutt for Menneskerettar Anders Einar Broderstad og stabsjef i Karmøy kommune Øystein Daviknes Hagerup.
Toppe tydleg på trusstøtte
Tidlegare i haust sa Høgre at dei ønskja å kutte støtta til i trus- og livssynssamfunn og endre fordelingsmodellen. Nikolai Astrup, stortingsrepresentant for partiet, gjekk hakket lenger og føreslo å fjerne heile den statlege støtta til dette feltet.
Mange i trus- og livssynssektoren var glade for at Toppe var tydeleg på at ho ikkje ønskja ein ny debatt om staten skal finansiere trussamfunn eller ikkje, men om korleis dette skal føregå.
Dette er Toppe framleis klar på – utvalet skal ikkje sjå på korleis ein kan bruke mindre pengar på støtte til trus- og livssynsfeltet.
Skal kartlegge DNK sitt samfunnsoppdrag
Så kva skal eigentleg utvalet gjere?
Utvalet skal, i tillegg til å utarbeide minst ein alternativ modell for finansiering, utrede kva som er DNK sitt spesielle samfunnsoppdrag og ansvar, og som gjer at kyrkja skiljer seg ut.
– Det veit me jo at den er. Kyrkja har krav til å vere landsdekkjane og har ein del andre oppgåver som kan vere forskjellige frå dei andre samfunna, seier Toppe.
I dialog med departementet skal utvalet også setje ned eit kontaktutval med representantar frå organisasjonane på feltet, inkludert ulike trus- og livssynsamfunn og kyrkjeverjene.
Arbeidet skal føre til ein rapport med «kortfatta og poengterte tilrådingar» som må leverast innan 20. august 2025.
– Viktig å behandle på lik linje
Utfordringa, seier statsråden, er at dei ønskjer å finansiere folkekyrkja, men på en måte som likebehandlar dei andre samfunna.
– Det er òg i tråd med at me ønskjer eit livssynsope samfunn. Det er viktig for oss å finansiere alle tro- og livssynssamfunn på like linjer, seier ho.
Dette inngår i paragraf 16 i Grunnlova, og er ei av føringane utvalet må rette seg etter. Andre føringar for utvalet er:
- Utvalet skal vurdere korleis endringar i tilskotsordninga kan utvikle samarbeidet mellom trus- og livssynssamfunn og kommunen vidare. Det kommunale ansvaret for finansiering av DNK skal vidareførast, samt kommunane si rolle i kyrkjebevaringsprogrammet.
- Ansvaret for gravplassforvaltninga og gravplasslova skal ligge fast
- Utvalet skal i arbeidet legge til grunn at kvart sokn skal vere betjent av prest og bispedømme av biskop
Ønska breiare utval
– STL har peika på at Bente Sandvig skal sitte i dette utvalet. Ho har sete sentralt i dei tidlegare regjeringsutvala på feltet og er vår fremste ekspert blant minoritetane, seier Birte Nordahl til Vårt Land.
Nordahl er generalsekretær i STL, og seier at dei er glade for at dette kjem i gang. Ho er glad regjeringa har høyrt dei på at trus- og livssynsfeltet er representert i utvalet.
– Men, det er ingen hemmeligheit at me har ønska oss eit breitt nedsatt utval som kunne jobba breitt og grundig over god tid. Regjeringa har valt å nedsette eit relativt lite utval med smalt mandat som skal jobbe over kort tid, så me har ikkje fått heilt igjennom ynskjet vårt der, seier ho.
– Ikkje alle ser verdien
Statsråden seier ho er klar over STL sitt ynskje, men at det ikkje vart vurdert som nødvendig å gå så grundig til verks, sidan det er relativt kort tid sidan ein hadde ei slik utredning på feltet.
– Det hadde blitt eit så stort arbeid og ville tatt lang tid, seier Toppe.
– Arbeidet til utvalet skal vere ferdig rett før stortingsvalet til hausten. Er du redd for kva som kjem til å skje med trusstøtta dersom det vert regjeringsskifte?
– Altså, eg er jo generelt bekymra for det. Eg trur uansett alle parti har ei interesse av dette utvalet her og vil sjå på det med grundigheit og ta det med seg vidare, seier Toppe.
Ho opplever likevel ikkje at alle parti har vilja til å sjå verdien DNK og dei andre trussamfunna har i samfunnet.
– Desse partia har jo vist ei vilje til å kutte stort i budsjetta sine allereie no. Dette blir kanskje litt på sida av dette utvalget, då. Men eg har ei sterk bekymring for dette. Så det er jo en god grunn til at me ikkje må miste valet til hausten, seier statsråden.
---
Desse er med i trusstøtteutvalet:
- Professor Eivind Smith, leiar
- Tyra Margrethe Ekhaugen, medlem
- Gina Elisabeth Lund, medlem
- Anders Einar Broderstadl, medlem
- Øystein Daviknes Hagerup, medlem
- Bente Sandvig, medlem
- Jørn-Henning Theis, medlem
Utvalet skal levere si tilråding innan 20. august 2025.
---