Kjell Ingolf Ropstad, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (KrF), sa tidlegare i haust til Vårt Land at han håpa ein kunne leggje debatten om skulegudstenester død.
Vel, Humanistisk Ungdom var ikkje heilt klar for å gi slipp der.
Politisk fråvær frå skulegudsteneste
Med eit nytt tilbod til elevar om politisk fråvær frå skulegudstenester, vekkjer dei debatten til live igjen. Dei reagerer på at skular får lov å arrangere skulegudstenester, sjølv om den nye opplæringslova seier at opplæringa ikkje skal vere forkynnande.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har tidlegare sagt at Human-Etisk Forbund si tolking av regelverket er uriktig, og at skulane framleis skal kunne tilby skulegudstenester til elevane. Også stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har sagt at «alle elevar bør delta på skulegudsteneste».
Humanistisk Ungdom reagerer på dette med å tilby politisk fråvær frå skulegudstenester til elevar som melder seg inn i organisasjonen. Ungdomsorganisasjonen er har tidlegare gått hardt ut mot skulegudstenester. I 2020 hadde dei ein kampanje med slagordet «Føkk skolegudstjenester!», noko som skapte reaksjonar.
Senterungdommen: – Trist
Nils Forren, leiar i Senterungdommen, skriv i ein e-post til Vårt Land at han synest det er trist at Humanistisk Ungdom er «såpass aktivistisk mot skuletenester».
– Me i Senterungdommen er veldig glade i vår kristne kulturarv og ønskjer at alle elevar skal få høve til å delta på skulegudsteneste, skriv han.
Forren meiner at dette heller ikkje er i tråd med korleis ordninga om politisk fråvær skal praktiserast.
– At ei slik ordning misbrukast er leit og kan vere med på øydeleggje for ordninga på sikt, seier han i e-posten.
Det er Humanistisk Ungdom heilt ueinige i.
– Dette er ein form for protest som me har høve til å bruke. Me gjer dette fordi staten ikkje følgjer opplæringslova, og me gjer det på lovleg vis og følgjer reglane. Eg tenkjer det er kjempeviktig at ungdommar brukar stemma si. Dette skadar ikkje, men er heller ein måte for unge å vise kva dei meiner, seier Maja Solerød, leiar i Humanistisk Ungdom.
Dette er ein form for protest som me har høve til å bruke. Me gjer dette fordi staten ikkje følgjer opplæringslova
— Maja Solerød, leiar i Humanistisk Ungdom
– Ein måte å aksjonere på
Madelen Kloster er leiar i Elevorganisasjonen (EO), ein uavhengig organisasjon som jobbar for ein skule på elevane sine premiss. Ho seier at EO er imot at forkynning skal skje i skulen, også skulegudstenester. Men, ho er meir skeptisk til initiativet til Humanistisk Ungdom.
– Det er jo ein måte å aksjonere mot at skulane arrangerer skulegudstenester, men eg ville nok ikkje gått for den strategien sjølv, seier ho.
Ho seier også at sjølv om EO er imot at skulegudstenester skal arrangerast i regi av skulane, meiner dei at det er fint å besøkje religiøse bygg i undervisninga – men då som læringsbesøk.
– Det som er dumt med skulegudstenestene er at det alltid vil vere ei gruppe som føler dei ikkje kan delta på dette, og dermed kjenner seg utanfor. Det alternative opplegget for desse elevane er heller ikkje alltid så bra, seier Kloster.
DNK: – Opp til Udir om det er innanfor regelverket
Jan Christian Kielland, avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Den norske kyrkja, seier at skulen skal tilby eit alternativ til skulegudstenester, men vil ikkje seie noko om Humanistisk Ungdom sitt initiativ.
– Det er Utdanningsdirektoratet som må svare på om Humanetisk Ungdom sitt initiativ er innanfor regelverket, seier Kielland til Vårt Land.
Vårt Land har vore i kontakt med Utdanningsdirektoratet, som sier dei ikkje kjenner til oppfordringa frå Humanistisk ungdom, men viser til regelverket rundt politisk arbeid og fritak frå skulegudstjenester.
Kunnskapsdepartementet: – Verkar unødvendig.
Vårt Land har òg spurt Kunnskapsdepartementet kva dei meiner om tilbodet frå Humanistisk ungdom.
– Skulegudstenester er eit bra tiltak for å lære om norsk kultur og historie. For dei som ikkje vil delta i skulegudstenesta, skal alle skular gi tilbod om gode alternative opplegg. Dette tilbodet verkar unødvendig, svarar statssekretær Sindre Lysø (Ap).
Han peikar på at politisk fråvær er meint for elevar som deltek på politiske møte som ikkje kan leggjast utanom skuletid.
– Humanistisk ungdom må sjølv svare for praksisen sin og korleis deltaking hos dei er innanfor ramma av «politisk fråvær», men eg trur ungdomsorganisasjonane veit at dei er tente med at denne ordninga ikkje blir misbrukt. Eg legg til grunn at ungdomsorganisasjonane praktiserer ordninga på ein tillitsvekkjande måte.
Oppdatert torsdag 12. desember, kl. 15:02: Artikkelen er oppdatert med svar fra Kunnskapsdepartementet.
---
Debatten om skulegudstenester:
- Etter at den nye Opplæringslova trådde i kraft i sommar, har debatten om skulegudstenester blussa opp
- I lova står det «opplæringa skal ikkje vera forkynnande», noko som skapte forvirring hos skulane
- Kunnskapsministeren var ute og sa at dette ikkje gjeld skulegudstenestene
- Ifølgje DNK er skulegudstenester forkynnande
- Human-Etisk Forbund meiner derfor at det er ulovleg med skulegudstenester i skulen
---