Ahmed al-Sharaa, kjent under namnet Abu Mohammad al-Jolani, er grunnleggjaren og leiaren av Hayat Tahrir al-Sham (HTS), opprørsgruppa som storma den syriske presidenten Bashar al-Assad og hans regime.
Al-Jolani er son av syriske flyktningar og vart fødd i Saudi-Arabia i 1982. Familien til al-Jolani kom opphavleg frå Golanhøgdene i Syria, men vart fordrive derifrå i 1967 etter at Israel okkuperte området under den såkalla seksdagarskrigen. Al-Jolani-familien returnerte til Syria i slutten av 1980-åra – då til utkanten av hovudstaden Damaskus.
Var med i al-Qaida
I Damaskus studerte al-Jolani medievitskap før han flytta til Irak i 2003. Her skal han ha slutta seg til terrororganisasjonen al-Qaida, som eit svar på den amerikanske invasjonen av Irak. Her steig han raskt i gradene, men vart i 2006 fengsla av amerikanske styrkjer.
Al-Jolani sat fem år i amerikansk fangenskap i Irak. Då han slapp ut, fekk han i oppgåve å opprette al-Qaida si avdeling i Syria, som vart heitande Nusrafronten. Den nye gruppa fekk stor støtte i opposisjonsområde i Syria – særleg i Idlib-provinsen.
---
Fakta om HTS:
- HTS står for Hayat Tahrir al-Sham og består av fleire syriske opprøyrsgrupper
- HTS vart organisert i 2017 med Abu Mohammad Al-Jolani som leiar
- Gruppa hadde før direkte kopling til terrorgruppa al-Qaida, men har brote desse banda
- Fleire land har stempla gruppa som eim terrororganisasjon, mellom anna Tyrkia og USA
Kjelde: NTB/BBC og SNL
---
I 2011 vart fredelege demonstrantar brutalt slege ned på av dåverande statssjef Assad, og utløyste borgarkrig i landet. Al-Jolani og Nusrafronten spelte ei stor rolle på opposisjonssida i denne krigen.
I dei første åra samarbeida al-Jolani med leiaren for al-Qaida i Irak, Abu Bakr al-Baghdadi. Men, då al-Baghdadi i 2013 annonserte at han ville kutte banda til al-Qaida, starte ISIS og innlemme Nusrafronten i gruppa, protesterte al-Jolani. Nusratfronten hadde framleis band til al-Qaida ei stunde etter, men gruppa distanserte seg gradvis frå dette forholdet i dei påfølgjande åra.
HTS vert danna og tek avstand frå al-Qaida
Nusratfronten bytte namn til Jabhat Fath al-Sham i 2016, noko som også skulle symbolisere at dei tok avstand frå al-Qaida. Om gruppa faktisk tok avstand frå al-Qaida var det ulike meiningar om. Året etter gjekk Jabhat Fath al-Sham saman med andre militsgrupper og danna alliansen HTS. Al-Jolani vart leiar for HTS i oktober 2017.
Det uttalte målet til HTS var å frigjere Syria frå Assad-regimet og utvise iransk millitære frå landet. Gruppa vil ha ein stat basert på deira eiga tolking av islamsk lov. HTS avviser å ha kontakt med al-Qaida i dag.
Assad flyktar og al-Jolani jublar
Søndag 8. desember vakna syrarar til nyhende om at regimet i landet hadde falt, etter ein i underkant av to veker lang offensiv. HTS-leiar Al-Jolani kallar det ein «seier for den islamske nasjon, skriv NTB.
Før dette hadde Assad-familien styrt landet i 54 år. Først av Hafez al-Assad frå 1971 til 2000, og sidan av sonen Bashar al-Assad frå 2000 og heilt fram 2024.
Al-Jolani sa i 2015 til nyheitskanalen Al Jazeera at gruppa hans ikkje hadde planar om noko angrep på Vesten, til skilnad frå IS. Han sa samtidig at det ikkje ville bli utført hemnangrep mot alawitt-minoriteten, som Assad-familien kjem frå, dersom regimet skulle falle i framtida. I etterkant av det nylege regimefallet, har han bede HTS-styrkjene om å sørgje for lov og orden i områda dei tok frå Assad-regimet.
Lova å beskytte religiøse minoritetar
HTS-leiaren har vorte skildra som ein skuggefigur som sjeldan viste andletet sitt, men har den siste tida blitt ein offentleg figur som til og med har gått ut med sitt eigentlege namn – Ahmed al-Sharaa.
Al-Jolani har over tid inntatt ei meir moderat rolle for å nå dei politiske måla sine. Han seier han vil støttar pluralisme og religionsfridom, og har mellom anna lova dei religiøse minoritetane i landet at ingen skal kome til skade under hans styring, ifølge NTB. Kritikarar er likevel ikkje overbeviste om den nye stilen til 42-åringen, og gruppa han leiar er framleis stempla som terrororganisasjon av FN.
Optimistisk befolkning
Mange syrarar er glade for at Assad-regimets tid er over og håpar no på betre tider for landet sitt. Samtidig er mange redde for kva som ventar og kven som kjem til å ta over makta i tida som kjem. Nokre ekspertar har uttalt at eit maktvakuum kan føre til meir uro og vald, og at grupper som IS i verste fall kan vekse seg sterkare.
Statsminister Jonas Gahr Støre sa til NRK at han er positiv til regimet sitt fall, men at han også er redd maktvakuumet vil føre til meir kaos i Syria.
– Det me er vitne til er eit statssamanbrot, og det som ofte kjem ut av eit statssamanbrot er mer kaos, sa han då han gjesta Dagsrevyen søndag.