– Frå heilt ulike konfliktområde har dei dokumenterte og rapportert på ein måte som fremjar informasjonsfridommen. Slik er prisvinnarane i år modige forsvararar av grunnleggjande verdiar i demokratiet vårt, heilt i Gunnar Sønstebys ånd, skriv Sønstebyfondet i ei pressemelding.
I meldinga heiter det at det i ei tid som blir prega av krise og krig, er faktabasert journalistikk, uavhengig informasjon og nærverande rapportørar avgjerande for at vi skal forstå konfliktane som går føre seg på verdsscena.
– Prisvinnarane i år, NRKs Yama Wolasmal og avisa The Barents Observer, har gitt modige og viktige bidrag til nettopp ei slik forståing, skriv fondet.
Om Wolasmal skriv fondet at analysane hans er ikkje prega av svart-kvitt-tenking, men snarare av vilje til å undersøkje dei ulike motiva til aktørane og verknadene av dei.
Om The Barents Observer skriv dei at han har utmerkt seg ved si evne til å levere kritisk og uavhengig journalistikk i ei tid prega av stor spenning mellom Russland og resten av Europa. Gjennom fokuset sitt på Barentsregionen har avisa – som bruker engelsk og russisk som arbeidsspråk – gitt unik innsikt i eit område av spesielt stor betydning for landet vårt.
(©NPK)