– Eg har lyst å vera optimist. Få var glade i Assad-regimet, og me har sett mange gledesscener i Syria det siste døgnet. Samstundes er det urovekkande, måten overtakinga har skjedd på.
Det seier sjefforskar Truls H. Tønnessen ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) til Vårt Land.
Natt til søndag tok opprørarar over hovudstaden Damaskus i Syria. Det betydde slutten for regimet til president Bashar al-Assad.
I spissen for opprøret står islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham (HTS). Gruppa er leia av Abu Mohamad al-Jolani.
– Kor islamistiske er HTS?
– HTS er langt mindre ille enn islamistgrupper som IS. Leiaren for gruppa, Al-Jolani, har stått fram som pragmatisk. Han er oppteken av å få HTS vekk frå internasjonale terrorlister. Han seier ting som at makta skal stamma frå folket. Det er jo tryggande, seier Tønnesen og legg til:
– Men det er ein ting kva leiarane seier, noko anna kva som kan skje lengre ned i rekkene.
Det kan verka som at IS har venta på at noko slikt kan skje.
— Truls H. Tønnessen, FFI
Alawittar kan vera ekstra utsett
Om lag 75 prosent av folk i Syria er sunnimuslimar, som også inkluderer islamistgruppa HTS. Under Assad-regimet hadde den muslimske minoriteten alawittane utgjort mykje av maktelita i landet.
– Det er grunn til å tru at alawittar fryktar mest kva som kan skje no framover. Men førebels verkar HTS sin motstand å vera retta mot Assad-regimet, og ikkje mot sivile alawittar, seier Tønnessen.
Frå før har gruppa HTS hatt kontroll i Idlib-provinsen nordvest i Syria.
– HTS har blitt kritisert for å vera autoritære i området dei har styrt. Men me har ikkje sett massakre retta mot minoritetar, i motsetning til meir radikale islamistgrupper.
Stefanusalliansen: Hjelpearbeid sett på pause
Kristne i Syria har gått frå å utgjera rundt 30 prosent av befolkninga rundt 1920, til å i dag vera ein svært liten minoritet.
Misjons- og menneskerettsorganisasjonen Stefanusalliansen har kontakt med fleire kristne aktørar i Syria.
Frykta er at kristne bli forfølgt.
— Johannes Morken, Stefanusalliansen
– Kontaktane våre har sett alt hjelpearbeid på pause den siste veka, seier Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen.
Han seier han er spent på kva regime som no kjem i Syria, og kva slags rom som blir for minoritetar framover.
– Dei største kyrkjene har tydeleg støtta Assad, for dei har opplevd det som tryggast. Eg er veldig spent på kva som skjer med desse kyrkjene framover. Frykta er at kristne bli forfølgt.
Skrekkscenario: IS blir sterkare
Sjefforskar Truls H. Tønnessen peiker på Den islamske staten (IS) kan utnytta opprøret.
– Situasjonen i Syria har vore fastfrosen i fire år og det kan verka som at IS har venta på at noko slikt kan skje. Det som skjer no, viser at det ikkje er så vanskeleg å ta makta i Syria, seier Tønnessen.
Han viser til anslag om at IS har eit par tusen mann i Syria og Irak. IS har hatt ein del aktivitet aust i Syria, og har hatt sovande celler i Idlib i nordvest.
– Om regjeringsstyrkane no berre forsvinn, så kan det vera vanskelegare å stå i mot angrep frå IS.
Opprørsleiar: – Ingen har rett til å utsletta andre grupper
Opprørsleiar Abu Mohamad al-Jolani vart denne veka intervjua av CNN.
Han blei spurt om minoritetar bør frykta det nye regimet, og svara:
– Ingen har rett til å utsletta andre grupper. Desse sektene har sameksistert i regionen i hundrevis av år. Det trengst legale rammer som beskyttar alle sine rettar.
Han sa at folk som fryktar islamsk styre, enten har misforstått eller sett dårleg gjennomført islamsk styre.
– Syria fortener eit styrande system som er institusjonelt. Ikkje eit styre der ein herskar tek vilkårlege avgjersler.
Abu Mohamad al-Jolani vaks opp i Damaskus, der han arbeidde i farens daglegvarebutikk. Etter terrorangrepa 11. september 2001 reiste han til Bagdad for å kjempa mot den amerikanske invasjonen av Irak.
Al Jolani har fått kamptrening av Al-Qaida i Irak, men har seinare teke avstand til gruppa.
I intervjuet bli han spurt om korleis folk kan tru på han, når gruppa hans er terrorlista av fleire internasjonale aktørar.
Då svara han:
– Ikkje døm etter ord, men døm etter handling. Eg definerer ein terrorist som ein som målretta drep sivile, skadar uskuldige og fordriv folk. Om me er ærlege: Dette gjeld mange av krigane som stormakter står bak, i og utanfor muslimske land.
Namnet Jolani har han teke som ein referanse til familiens tapte heim på Golanhøgdene under seksdagarskrigen mot Israel i 1967.
---
Borgerkrigen i Syria
- Konflikten i Syria begynte i mars 2011 da fredelige demonstrasjoner mot president Bashar al-Assad ble slått ned med hard hånd.
- Opposisjonen grep etter hvert til våpen, og i løpet av 2012 utviklet det seg til full borgerkrig.
- En rekke ulike opprørsgrupper, mange av dem med støtte fra andre land i regionen og Vesten, har siden kjempet mot regimet og til dels også mot hverandre.
- Assad-regimet får støtte fra Russland, Iran og den libanesiske Hizbollah-bevegelsen.
- En USA-ledet koalisjon har siden 2014 bombet IS. Den støtter den kurdiskledede SDF-styrken i Nord-Syria, mens tyrkiske regjeringsstyrker har kriget mot både IS og kurdisk milits.
- SDF erklærte i mars 2019 at IS var territorielt nedkjempet i Syria. I oktober trakk USA ut de fleste av sine styrker fra Nord-Syria. Få dager senere innledet Tyrkia en militæroffensiv mot de kurdiske styrkene.
- I mars 2020 inngikk Russland og Tyrkia en våpenhvileavtale i Idlib som fikk en slutt på kampene mellom regjeringsstyrkane og opprørerne. Idlib-provinsen er fortsatt opprørsstyrkenes siste bastion.
- 27. november 2024 innledet opprørere med islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham (HTS) i spissen en stor offensiv mot regjeringskontrollerte områder.
- De neste dagene inntok opprørere byene Aleppo, Hama og Homs, og natt til 8. desember rykket de inn i hovedstaden Damaskus og erklærte at Assad-regimet var styrtet.
(Kilde: NTB)
---