Nyheter

Religionsforskar: – Det nye testamentet er jødisk

RELIGION: Religionsforskarar utforskar det historiske forholdet mellom kristendom, jødedom og islam i ny bok. – Ein er likare enn ein før har trudd, seier Anders Runesson, som er ein av redaktørane.

I ei tid der både antisemittisme og islamofobi aukar i verda, har ei rekkje forskarar komme ut med ei bok som argumenterer for at kristendom, jødedom og islam er historisk nærare kvarandre enn ein tidlegare har trudd.

Religionane har hatt stor påverknad på kvarandre gjennom tidene, og dagens konfliktar speglar ikkje korleis relasjonane har vore før, meiner forskarane.

Korleis var forholdet mellom jødedom, kristendom og islam i byrjinga?

Langsam kulturell endring

– Veldig mykje av dagens retorikk rundt islam, jødedom og kristendom handlar om konflikt og fiendskap, og at «slik har det alltid vore». Denne boka stiller spørsmål ved om det verkeleg var slik, seier Runesson til Vårt Land.

Han er professor og forskar ved Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, og saman med Karin Hedner Zetterholm, har han vore redaktør for boka Within Judaism? Interpretive Trajectories in Judaism, Christianity, and Islam from the First to the Twenty-First Century.

Anders Runesson, Prodekan, Teologisk fakultet, UiO

Eitt eksempel Runesson dreg fram er at det har vore ei vanleg oppfatning at, då islam kom til det bysantinske Palestina, var det med ein brå og øydeleggjande framkomst. Men, ifølgje forskaren, viser arkeologiske funn at det ikkje finst bevis for dette.

– Ein ser ikkje desse dramatiske, destruktive hendingane – men heller ei langsam kulturell endring, seier Runesson.

Han fortel at det ofte er lett å tenkje at den religionen som er eldst påverkar dei andre – ein einvegspåverknad, men at dette ikkje stemmer.

– Når ein lever nær kvarandre, skjer det både kulturell og religiøs påverknad fram og tilbake mellom folk og ulike religionar. Derfor er det nødvendig å forstå alle for å forstå ein av dei, seier Runesson.

Ingen av dei tre abrahamittiske religionane hadde vore det dei var i dag utan kvarandre, fastslår han.

– Ikkje berre Jesus var jøde

Jødedommen er eldst av dei tre abrahamittiske religionane, og tidleg jødedom var svært mangfaldig, ifølgje Runesson. Han fortel at kristendom i byrjinga vart sett på som ei retning innan jødedom. Då Jesus-rørsla starta i det første hundreåret, var det ei jødisk rørsle, og fleire jødar trudde at Jesus var Messias.

– Men, den jødedommen me har i dag – som har røter i rabbinsk jødedom – vart etablert langt etter den jødiske Jesus-rørsla, ifølgje Runesson.

Jesus var jøde, men også dei som følgde etter og skreiv tekstane i Det nye testamentet forstod religionen sin som ein form for jødedom, ifølgje Runesson. Fleire og fleire forskarar les også Det nye testamentet som ein jødisk tekst.

– Opphavet er jødisk, men tolkinga er kristen, seier Runesson.

Han peiker på at ordet kristendom ikkje vert nemnt i Det nye testamentet, men at «kristen» vert nemnt tre gonger. Ein er ikkje sikker på når den jødiske Jesus-røsla byrja å sjå på seg sjølv som kristne, i tydinga ikkje-jødar, men vi ser dei første teikna på denne utviklinga på 100-talet.

– Jødemisjon er ei sjølvmotseiing

At Det nye testamentet vert lest som ein jødisk tekst av fleire teoretikarar, skildrar Runesson som eit pågåande paradigmeskifte. Han trur dette vil ha stor betydning for korleis kristne mellom anna ser på misjonering mot jødar.

– Eg tilhøyrer dei som trur at misjon mot jødar er både uetisk og teologisk uforsvarleg. Misjon mot jødar blir det same som å prøve å utradere jødedommen. Det er ei sjølvmotseiing, dersom ein seier at Gud ikkje har overgjeve folket sitt, slik det står i Romarbrevet 11, seier Runesson.

Argumenterer mot erstatningsteologien

Han fortel at første teikn på det ein kallar erstatningsteologien – tanken om at det var kristne, ikkje jødane, som var Guds folk – finn ein hos Ignatius av Antiokia i byrjinga av 100-talet etter Kristus. Ignatius er også den fyrste som brukar ordet kristendom.

– Den ikkje-jødiske kristendommen byrja å argumentere for at kristne var folket til Gud, og sidan dei fleste jødar ikkje trudde at Jesus var Messias, kunne dei ikkje vere det.

Erstatningsteologien gjekk ut på å skilje det jødiske folk frå Gud, frå lova og landet deira, ein tanke som sat fram til 1960-talet og Det andre Vatikankonsil, fortel Runesson. Likevel er det framleis ein del kristne som meiner misjon mot jødar er rett, og brukar Matteus 28: 18-20 for å legitimere dette.

– Men denne teksten handlar ikkje om misjon mot jødar, men om denne jødiske Jesus-rørsla sin misjon mot ikkje-jødar, fortel Runesson og føyer til:

– Når forskinga viser kor like jødedom og kristendommen er, kan ein i staden for å gå imot ein annan, slå seg saman om misjoneringa, og stå saman i kampen mot rasisme, antisemittisme og islamofobi.

Ifølgje ein rapport frå Den norske kyrkja, er kristne delt i spørsmålet om misjonering overfor jødar.

Islam og jødedom – to sider av same sak?

Eitt av kapitla i boka tek føre seg det historiske forholdet mellom islam og jødedom. Forfattaren av dette kapittelet, Mohammed Ahmed, argumenterer for at islam var ein religion også i Abrahams tid, altså lenge før profeten Muhammed si levetid.

– Jødedom vart av muslimske mellomaldertekstar sett på som ei form for islam, men ute av kurs, seier Runesson.

Boka argumenterer også for at det på grasrotnivå ikkje fanst hinder for, og ikkje var uvanleg, at muslimar kunne gifte seg med jødar – sjølv om det kunne vere vanskeleg å gifte seg på tvers av religionar.

Forholdet var ikkje fritt for konflikt, men arkeologisk materiale, innskrifter og papyrer viser at samarbeid mellom ulike religiøse grupper var mykje meir utbreidd enn konfliktane, ifølgje Runesson.

– Konflikt oppstår ikkje i folket

– Veldig sjeldan oppstår krig og konflikt i folket. Dette skjer heller hos elitane – noko ein også ser i dag. Det øvste politiske og religiøse leiarskapet implementer sin religion på folket, i frykt av å miste makt, seier Runesson.

Runesson viser til ein metafor han tidlegare har høyrt. Han teiknar eit bilete av ein dal med tre vegar som går frå botnen av dalen og opp langs fjellsidene i tre ulike retningar. I dalen finn ein folk flest – som interagerer med kvarandre – men di lenger opp i fjellsida ein kjem, di mindre kontakt har dei ulike gruppene. Her finn ein eliten, fortel Runesson.

– Ein mistar kontakten med kvarandre og då er det lettare å skape fiendebilete av «dei andre».

Om ein ser for seg denne dalen, ser ein at sameksistens og samarbeid skjer heile tida, seier forskaren. Han trur at for å lære å kjenne seg sjølv, må ein lære å kjenne andre – og at me har eit eige ansvar i vår tid til å skape dialog og samarbeid på tvers av folk.

– Dei som vil ha gjennomgåande separasjon mellom ulike folk og religionar har ikkje støtte i historia, seier Runesson.

---

Nokre hovudpunkt frå boka:

  • Fleire teoretikarar meiner at kristendom, jødedom og islam låg nærare kvarandre i antikken enn det ein har trudd før
  • Både tidleg kristendom og islam vart sett på som ein form for jødedom
  • Mange meiner også at Det nye testamentet var ein jødisk tekst, ikkje kristen.
  • Etterfølgjarane til Jesus var også jødar

Kjelde: Within Judaism? Interpretive Trajectories in Judaism, Christianity, and Islam from the First to the Twenty-First Century

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter