Nyheter

Ap-representant stemte for KrF-forslag om abort

ABORT: Stortinget har stemt, og med stort fleirtal vart ny ny abortlov vedtatt i går. Ål-ordførar og Ap-vararepresentant på stortinget stemte for regjeringa sitt forslag til abortlovendring, men også for KrF sitt forslag.

Historisk abortlov vart vedtatt med stort fleirtal på Stortinget i går. Under voteringa vart det også stemt over dei ulike politiske partia sine eigne forslag til endringar i abortlova. Kristeleg Folkeparti ønskja i sitt forslag at regjeringa skulle komme tilbake til Stortinget med eit nytt forslag som «betre ivaretar menneskeverdet til fosteret».

KrF, to frå Framstegspartiet, to frå Høgre, ein frå Senterpartiet og ein uavhengig kandidat stemte for dette forslaget. Det gjorde også, noko overraskande kanskje, ein representant frå Arbeidarpartiet.

Tasta feil

– Det var ein tastefeil, kan Solveig Vestenfor (Ap) slå fast til Vårt Land på spørsmål om kvifor ho stemte for KrF sitt abortforslag.

– Så det var ikkje for å demonstrere at du eigentleg er ueinig i den nye abortlova?

– Nei, det var ikkje meininga. Eg er inne som vara no, men har følgt nøye med på debatten. Likevel er eg del av eit mindretal i Ap som ønskja å vidareføre dagens abortlov med sjølvbestemt abort til og med veke 12, seier Vestenfor.

Ho er ordførar i Ål kommune og vararepresentant på Stortinget for Lise Christoffersen. Under gårsdagens votering på Stortinget, stemte ho altså for den nye abortlova, men også for KrF sitt forslag.

Ville ha spurt om å stemme fritt

Vestenfor fortel at ho har hatt eit engasjement for abortspørsmålet i lang tid. Ho seier ho forheldt seg til at Ap har bunde representantane sine i saka, men gjev uttrykk for at det kanskje hadde vore annleis om ho var fast medlem av Stortinget.

– Då hadde eg nok spurt om det var mogleg å stemme fritt, men som vara gjer ein ikkje det. Generelt meiner eg at alle parti bør vurdere å fristille medlemmane sine i spørsmål som handlar om tru, livssyn og etikk. Samtidig har eg stor respekt for at ein bind representantar i slike spørsmål, seier Vestenfor.

Sjølv om ho har eit anna syn på ein del sider ved abortspørsmålet enn majoriteten i Ap, er det viktig for ho å understreke at ho ikkje er heilt ueinig i den nye abortlova. I praksis får tilnærma alle innvilga abort fram til veke 18, og slik samsvarer ny lov betre med verkelegheita, meiner ho.

I tillegg meiner Vestenfor at det er positivt at ein byter ut abortnemndene med frivillig rettleiingsteneste for dei som er usikre på om dei vil gjennomføre eller avbryte svangerskapet.

Generelt meiner eg alle parti bør vurdere å fristille medlemmane sine i spørsmål som handlar om tru, livssyn og etikk

—  Solveig Vestenfor

– Samtidig er det viktig å understreke at 95 prosent av alle abortar føregår før veke 12. Noreg er blant dei siste landa i Norden som innfører 18 vekers grense. Danmark er i same prosess. Erfaringar frå land med meir liberale abortlover stadfestar at utvidinga ikkje medfører fleire seinabortar. Det er viktig, seier ho.

– Bra med stemmer som nyanserer

Vestenfor meiner det er viktig med kvinner si sjølvbestemming, men at abortspørsmålet også handlar om synet på fosteret før fødsel. Ho trur det er bra med stemmer som påpeiker dette i debatten.

– Det hadde vore fleirtal for ny abortlov uansett, og eg trur derfor det er bra med dei stemmene som nyanserer biletet. Det er fleirtalet som bestemmer, og det var eit stort fleirtal for. Det er 50 år sidan sist og mange har sett behov for endring. Men, eg tenkjer at det er viktig at ein med dette ikkje opnar for ytterlegare utviding av abortlova. Forhåpentlegvis varer denne lova i mange år framover, seier Ål-ordføraren.

Høgre, FrP og Sp fristilte representantar

Fleire av partia valde i forkant av voteringa å fristille sine representantar, slik at dei kunne stemme ut frå eiga overtyding. Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet gjorde dette.

Utfallet vart at til saman 31 representantar stemte mot regjeringa sitt forslag om ny abortlov. I denne gruppa finn me 10 representantar frå Høgre, 2 frå Senterpartiet, 14 frå FrP, 3 frå KrF, og den einaste representanten frå Pasientfokus og uavhengig kandidat Christian Tybring-Gjedde.

138 representantar stemte for ny abortlov.

---

Desse representantane stemte for KrF-forslaget:

  • FrP: Per-Willy Amundsen og Marius Arion Nilsen
  • Sp: Gro-Anita Mykjåland
  • Høgre: Bård Ludvig Thorheim og Lene Westgaard-Halle
  • Uavhengig kandidat: Christian Tybring-Gjedde
  • Ap: Solveig Vestenfor (vara)
  • KrF: Olaug Bollestad, Kjell Ingolf Ropstad og Dag Inge Ulstein

Kjelde: Stortinget

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Nyheter