Kunnskapsdepartementet ber kommunen ordne opp i skuleturforvirring sjølv

UTDANNING: Kunnskapsdepartementet svarar byrådsetaten i Oslo om gratisprinsippet og skuleturar. Utdanningsbyråden er skuffa over svaret.

Julie Remen Midtgarden (H), utdanningsbyråd i Oslo
SKUFFA: Julie Remen Midtgarden (H), utdanningsbyråd i Oslo, er skuffa over svaret kommunen har fått frå Kunnskapsdepartementet.
Publisert Sist oppdatert

Tidlegare skreiv Vårt Land om at fleire skular droppar skuleturar med kvite bussar til tidlegare konsentrasjonsleirar med kvite bussar til Polen. Årsaka er forvirring rundt gratisprinsippet i skulen.

Utdanningsbyråd i Oslo, Julie Remen Midtgarden (H) meinte at Kunnskapsdepartementet (KD) måtte rydde opp i forvirringa, og klargjere kor strengt gratisprinsippet eigentleg er meint å tolkast.

– Det er særleg stor forvirring rundt det som handlar om anonymitet og korleis ein skal løyse dette i praksis. Kvar går grensa? Det er det mange som lurer på, sa utdanningsbyråden til Vårt Land då.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP