Nyheter

Gladmelding for nedleggingstruga hospice

HELSE: Nedleggingstruga hospice for kronisk sjuke får halde fram drifta.

Tidlegare har i år skreiv Vårt Land om at Sangen Hospice på var truga av nedlegging – som einaste dagtilbod for kronisk sjuke.

Hospice Sangen held til på Hamar og har fram til no vore ein del av Lovisenberg Diakonale Sykehus. Hospicet rettar seg mot behandling mot lindring, ikkje mot sjølve sjukdomsforløpet.

Tek over drifta

No er det vedtatt at hospicet får halde fram drifta, ifølgje ei pressemelding frå Stiftelsen Diakonova Haraldsplass. Stiftinga skal ta over drifta av Hospice Sangen frå Lovisenberg Diakonale Sykehus, med virkning frå 1. januar 2025.

«Dette vedtaket markerer et viktig skritt i å sikre videreføringen av et verdifullt tilbud til en sårbar pasientgruppe. Dette betyr at driften ved Hospice Sangen fortsetter som normalt fra nyttår», står det i pressmeldinga.

Vedtaket er gjort under føresetnaden av at dei øyremerka midla frå statsbudsjettet for 2025 vert vedteke, og hovudstyret legg til grunn at eventuelle meirkostnadar for drifta utover desse midla vert lagt til i revidert nasjonalbudsjett, heiter det.

– Hospicet gjer ein svært viktig jobb

– Vedtaket er et resultat av en grundig utredning av mulighetene og en god prosess med både Lovisenberg Diakonale Sykehus og Hamar kommune, seier Jørn-Henning Theis, adm.dir. i Stiftelsen Diakonova Haraldsplass.

Han seier Hospice sangen gjer ein svært viktig jobb og yter ei teneste av høg kvalitet for menneske i ein sårbar livssituasjon.

– Nå ser vi fram til å bli kjent med virksomheten og til å jobbe sammen med de ansatte for å videreføre og utvikle dette tilbudet. Vi ønsker å ivareta den kompetansen og det engasjementet som allerede finnes i Hospice, Sangen og vi skal legge til rette for en trygg overgang, seier han i pressemeldinga.

Theis seier det har vore eit stort engasjement frå mange om at drifta av hospicet skal vidareførast.

– Vi ser fram til å samarbeide med ansatte, kommunene, frivillige, lag og organisasjoner for å utvikle tilbudet videre, seier den administrerande direktøren.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter