Mindreårig altergut blant dei drepne ved kyrkje
MEXICO: I årevis har ei rekkje drap råka den katolske kyrkja i Mexico. Nyleg vart to gutar knytt til det lokale katolske miljøet i delstaten Veracrus drepne.
KIDNAPPA PRESTAR: Ein person ber i Our lady of Fatima Church i Poza Rica i delstaten Veracruz i Mexico. I 2016 vart to av kyrkja sine prestar kidnappa og drepne.
Marco Ugarte
Den katolske kyrkja sørgjer over drapa på to mindreårige gutar i landsbyen Entabladero i kystdelstaten Veracruz i Mexico laurdag 9. november. Ifølgje nyheitsbyrået AP var ein av dei to gutane altergut, men begge skal ha vore knytt til den lokale katolske kyrkja.
Gjerningsmennene, som kom på motorsykkel, fyrte av fleire skot på dei to gutane før dei køyrde av garde. Drapa skjedde ikkje inne i sjølve kyrkja, men ved eit torg like ved.
Lokale styresmakter har stadfesta drapa, men seier at saka er under etterforsking og at motivet framleis er uklart. Dette er ein av fleire hendingar som har råka den katolske kyrkja i Mexico dei siste åra.
Bestill abonnement her
KJØP