I Indre Billefjord er det mørk november. Den 12. dagen i månaden er ein kvardag av det vanlege slaget i Vest-Finnmark.
I systova har Solveig Lovise Johannessen stablar med tøy, rullar med band, spolar med tråd.
På symaskinen går alt opp i ein større heilskap, blir til ein tydeleg identitet.
Johannessen syr kofter, sjøsamiske kofter frå Porsanger.
– Mange unge, mange jenter og gutar vil no ha kofter. Det er bra.
Solveig Lovise Johannessen er sjølv sjøsame.
Eit parti er utan synd
Vel 1.800 kilometer lenger sør er det ein historisk dag. Så seier dei alle, nesten, dei som stig opp på Stortingets talarstol.
Framstegspartiet er unntaket. Dei er utan synd i saka, meiner dei.
Alvoret i Stortingesalen er stort, orda frå talarstolen større. Historisk, skamplett, milepæl, mørkt kapittel, eit tidsskilje, forsoning.
Og eitt forløysande.
Utanfor, på Eidsvolls plass, står det som skal vere «verdas største lavvo», ein arena for dialog, for vegen vidare, for forsoning og reparasjon – for smak på det samiske, skogfinske og kvenske, servert på papp.
Biskop bad for alvorsstunda
Så er stunda kommen.
Med bålrøyken frå lavvoen hengjande i dressen stig Svein Harberg opp på Stortingets talarstol.
Han er saksordførar i saka der Norges lovgjevande forsamling gjer bot.
Han representerer Høgre, partiet som opphaveleg ikkje ønskte ein kommisjon for sanning og forsoning.
Harberg er også første visepresident og andre nestleiar. Det første i Stortinget, det andre i kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Han er også bedt for. I Oslo domkirke klokka ni leia biskop Olav Øygard frå Nord-Hålogaland dei frammøtte i bønn for den store dagen, for det som skulle seiast, det som skulle vedtakast.
Frp avviser oppgjeret, fossar fram i nord
Høgres mann seier så orda, dei komiteen har filt på, rivd i, gnikka på, orda som varslar anger.
Eitt parti nektar å stille seg bak. Framstegspartiet seier: Me kan ikkje gjere opp for gammal urett ved å gjere oss skuldige i ein ny.
i Framstegspartiet vil dei ikkje ta ansvaret for ein politikk som blei ført før partiet blei skipa.
Og når me først har ordet, seier Bård Hoksrud på Stortingets talarstol: Me vil også leggje ned Sametinget og trekkje Norge ut av konvensjonen som vernar minoritetar.
Onsdag morgon melder NRK at krava gjev utteljing i nord: Frp går fram med 13 prosent, ein av fire hadde røysta på partiet om det hadde vore stortingsval.
På Stortinget står 149 lovgjevarar bak orda Svein Harberg framfører – Frps 20 ser ein annan veg:
Lovgjevarar bøyer seg djupt
«Stortinget vil formidle sin dypeste beklagelse for de overgrep fornorskingspolitikken innebar for samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Med dette ber Stortinget om unnskyldning for tidligere stortings aktive rolle i fornorskingspolitikken, og erkjenner ansvar for denne politikkens konsekvenser for grupper og enkeltindivider.»
Frå Indre Billefjord sender Solveig Lovise Johannessen ei kortfatta evaluering:
– Det var jo fint.
Så plukkar ho opp strikkepinnane att. Ho har pause frå syinga, ho strikkar sokkar med samiske mønster.
Strid hjå naboane, semje hjå oss
Stortinget klarte det. Norge klarte det.
I Finland strevar dei hardt, i Sverige endå hardare. Her trugar sannings- og forsoningskommisjonane med å implodere. Leiarar går, medlemmer trekkjer seg, skuldingar om revisjonisme, historieomskriving, aktivistdominans, lyder.
I fem år leita Stortingets kommisjon etter sanninga, etter konsekvensane av fornorskingspolitikken, etter usynleggjeringa av minoritetar.
I juni fjor kom sluttrapporten, rik på vitneprov om overgrep gjort i det Stortinget, sivilsamfunnet, forvaltninga meinte var i den gode saks teneste.
Norges urfolk og minoritetar skulle bli assimilerte, dei skulle byggje nasjonen som var tufta på eitt språk, norsk, ein kultur, den norske.
Viktig dag for finnmarking
Ho må vere på Eidsvolls plass den 12. dagen i november. For Kirsti Witsø er det viktig å stå utanfor nasjonalforsamlinga, sjå opp mot stortingssalen der dei folkevalde fører eit ordskifte om skuld og skam, om oppgjer og forsoning.
– No var det berre Stortinget att, dei hadde ikkje sagt unnskyld, i dag seier dei det. Det er viktig for meg, seier Witsø.
Ho er finnmarking, frå Kirkenes, busett i Oslo. Saman med ei venninne kjem ho til Stortinget.
– Ein konge, ein statsminister har sagt unnskyld, til samane, og no Stortinget.
Same sjølv?
Witsø trekkjer på det. Leitar ho godt etter kan det vere at ho finn det samiske, seier ho, og forsvinn inn i lavvoen.
Kongen var Harald i 1997, statsministeren var Kjell Magne Bondevik (KrF) i 1999.
Dei sa «unnskyld».
Til samane, for overgrepa i fornorskingsperioden, som strekte seg frå midten av 1800-talet til langt opp på 1900-talet.
Delt i tre, styringspartia styrer
17 månader etter at Stortinget fekk kommisjonsrapporten, er det klart kvar lovgjevarane plasserer seg på sjølve forsoningsvegen.
Fleirtalet: Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre.
Mindretalet: Venstre, KrF, SV, MDG, Raudt, Pasientfokus.
For seg sjølv: Framstegspartiet.
Ap, Sp og Høgre sikrar fleirtal for 17 ulike tiltak som regjeringa skal følgje opp og rapportere om framdrifta på, mindretalspartia er samde.
Framstegspartiet ser éin veg
I kvart statsbudsjett må alle departement med ansvar for urfolk og nasjonale minoritetar avleggje rapport om arbeidet.
I kvar stortingssesjon skal Stortinget få ei melding om det samla arbeidet for urfolk og nasjonale minoritetar, første gong i 2027.
Dei fem partia i mindretalet vil gå lenger. Dei vil reparere meir, dei vil forsone sterkare, dei lovar meir av mykje.
Frp meiner korkje urfolk eller minoritetar skal ha særrettar, og forsoning er å sjå éin veg.
Forsoning, meiner Bård Hoksrud, er å anerkjenne historia, leggje ting bak seg og sjå framover. Punktum.
Han seier det til samane, kvenane og skogfinnane som sit på stortingsgalleriet.
Generasjonar tomme for språk
Talarane på Stortingets talarstol snakkar om språk den 12. dagen i november.
Dei tapte språka. Den tapte daglegtalen. Den tapte identiteten.
– Språktapet ligg att som sår i livet til folk, vedgår Senterpartiets Nils T. Bjørke.
Barnehagar, skular, helsesenter, sjukehus, rådhus, alle ropar etter lærarar, sjukepleiarar, legar, byråkratar som kan samisk og kvensk. Skogfinsk gjekk tapt for lenge, lenge sidan.
Men fordi tidlegare generasjonar blei strippa for samisk tale, og kvensk, og skogfinsk, påført skuld og skam, er det ikkje mange nok som har sendt språket vidare til neste generasjon, og neste generasjon.
Det står ikkje på ordet
171 gonger blir ordet nemnt frå Stortingets talarstol.
Forsoning.
– Forsoning er ikkje noko ein kan vedta, seier ministeren for urfolk og minoritetar, Sps kommunalminister Erling Sande.
Aps Frode Jacobsen sender ut ein invitasjon: – I arbeidet med å skape forsoning er det viktig at alle tek ansvar.
– Å forstå det og føre ein politikk som verkeleg kan endre, lege og fornye, ja, det er nøkkelen til forsoning, seier SVs Kirsti Bergsø.
Det var ho som i 2016 fremma forslaget, i Stortinget, om ein kommisjon – og vann fram.
Venstres Guri Melby analyserer tidsbruken: – Forsoning er heller ikkje noko som skjer raskt.
Stortingsmeldinga i 2027 kan bli trist lesing
– Ei reell forsoning krev at me tør å endra prioriteringar og politikk, meiner MDGs Sigrid Z. Heiberg.
Dag Inge Ulstein melder seg til teneste: – Eg og Kristelig Folkeparti er budde til å bidra med det me kan for vidare forsoning.
SVs Lars Haltbrekken gruar seg allereie, til Stortinget skal behandle den første stortingsmeldinga om forsoningsarbeidet, i 2027.
Han ber på ei von, fortel han Stortinget, men er likevel redd, redd for at staten vil vere ansvarleg for nye menneskerettsbrot.
Hugs Fosen, minner ein lovgjevar. Hugs menneskerettsbrota.
Melder om høgt konfliktnivå
Me flyttar oss ut i igjen, til lavvoen på Eidsvolls plass, til morgonen den 12. dagen i november.
Ved bålet sit Svein Harberg, sametingspresident Silje Karine Muotka, kvenleiar Kristin Mellem og skogfinske Birger Nesholen.
Stortingets første visepresident blir minna om at fornorskinga held fram, og at minoritetane ved bålet opplever seg usynlege.
Me blir ikkje sett av storsamfunnet, seier kvenen, seier skogfinnen.
Harberg forklarar at på Stortinget er fornorskinga historie, men ja, ute i samfunnet er nok ikkje så tilfelle.
Kjem med åtvaring ved bålet
Presidenten i Sametinget fortel at konfliktnivået i Sapmi er høgt, ja, faktisk like høgt som før Sametinget blei opna.
Kong Olav gjorde det i 1989. «Det å være en etnisk minoritet og samtidig kunne bevare og utvikle sin egenart har ofte vist seg vanskelig», sa han i talen.
Striden står om retten til land og vatn, om retten til reindrift, vindmøller, straumkablar, gruvedrift, industrireising, moltemyrer, fisken.
Regjeringa må reise eit nytt senter
Fleirtalet på Stortinget seier nei til å gå inn éi dør når dei seier unnskyld.
Dei vektlegg at forsoningsvegen går gjennom retten til språk og kultur, ikkje gjennom retten til land og vatn.
Difor skal Norge få eit «nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett, med ansvar for forsking, dokumentasjon, formidling og forsoningsarbeid».
Akkurat som Norge i 2001 fekk eit «kompetansesenter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling». Det kom som del av eit anna minoritetsoppgjer, det med jødane.
Eit parti har visjon, eit har krav
Konfliktnivået er også høgt mellom dei som får Stortingets «dypeste beklagelse».
I det samiske parlamentet i Karasjok står same mot same. Reindrift mot vindmøller, beiteland mot kraftliner.
Partiet Nordkalottfolket har ein visjon for forsoningsprosessen. Kommande generasjonar skal ha rom til å vere samar på eigne premiss.
Sametingspresidenten, frå partiet Norske Samers Riksforbund, har ei von og eit krav: Forsoning over tid, reparasjon no.
Koftesyaren har ei von
I Indre Billefjord har ikkje Solveig Lovise Johannessen nokon visjon. Ho nøyer seg med ei von for morgondagen.
– Bygdene blir tomme, me treng arbeidsplassar, me treng kraft, for fjorden er tom, gardar blir lagt ned. Reindrift og industri må klare å gå hand i hand.
Snart er ho klar med neste kofte, til ein stolt sjøsame.
På Stortinget seier fleirtalet det vanskelege ordet. Den 12. dagen i november.
Unnskyld.