Nyheter

Psykolog: – Kor lenge skal ein straffast for betalingsproblem?

ØKONOMI: Fleire nordmenn slit med usikra gjeld. Samfunnspsykolog ser alvorleg på kva dette kan bety for sjølvmordsraten, og lurer på om det finst ei moralsk grense.

Nordmenn får meir og meir gjeld. Den samla forbruksgjelda passerte i utgangen av september 168 milliardar kroner, noko som er 11,7 milliardar meir enn same tidspunkt i fjor, viser ein rapport frå Finanstilsynet. I 2023 ringde over 51.000 nordmenn til NAV sin telefon for økonomi- og gjeldsrettleiing. Så langt i år har over 50.000 ringt same telefon.

Dette kan vitne om at fleire nordmenn slit med gjeld. Men korleis påverkar dette helsa vår?

Nordmenn vil klare seg sjølv

– Me ser at den mest skadelege gjelda, er den usikra, som kjem av kredittkort og forbrukslån. Dei aller fleste i Norge har gjeld, men bustadlån er ikkje nødvendigvis eit problem. Det blir meir nøyaktig å snakke om at det er betalingsproblema – bekymringane som kjem når me ikkje klarar å betene gjelda – som skapar vanhelse, seier Ingvild Stjernen Tisløv til Vårt Land.

Ho er psykologspesialist innan samfunnspsykologi og har engasjert seg i samanhengen mellom gjeldsproblem og sjølvmord.

– Å ha gjeld ein ikkje klarar å betale, eller ein har hamna bakpå med betaling, vil også i stor grad påverke korleis ein har det – ein kan få søvnvanskar, dårlegare funksjonalitet og nærvær i kvardagen.

Det å ha kredittkortgjeld i andre land er ikkje nødvendigvis så skamfullt, trur ho. Men det er annleis i Norge. Tisløv trur det er noko med kulturen og ei moralsk overtyding om at ein ikkje skal vere avhengig av andre – ein skal klare seg sjølv.

Tre grupper utmerkjer seg

Då Vårt Land kontaktar Tisløv, arbeidar ho med å analysere forskingsmateriale frå ein forskingsartikkel skrive av gjeldsforskarane Christian Poppe og Elaine Kempson. Artikkelen utforskar korleis låg sjølvopplevd meistringsevne kan «fange» personar med sårbarheiter i ein vond sirkel av betalingsvanskar.

Forskarane har intervjua 30 personar med uhandterbar gjeld, og har funne tre kategoriar av folk som utmerkjer seg.

Den første er «fattigdomsgruppa», altså personar med levekårsutfordringar som ofte går i generasjonar. Den andre gruppa er folk som opplever at noko alvorleg skjer i livet, som gjer at dei fell utanfor økonomisk. Den siste gruppa er folk som brukar meir enn dei har, eller gründarar som slit med å følgje opp den økonomiske biten, eller som rett og slett har vore uheldige.

– Ein ser ein tendens til at det er flest sjølvmordsforsøk i den tredje gruppa. Det kan ha noko med at desse folka er vane med å klare seg sjølv og taklar dårlegare å måtte spørje om hjelp, seier Tisløv.

– Tydeleg samanheng i naboland

I 2023 tok 693 personar – 495 menn og 198 kvinner – livet sitt, ifølgje Folkehelseinstituttet. Dette er høgaste talet sjølvmord sidan 1988. Men er det direkte samanheng mellom betalingsproblem og sjølvmord? Tisløv svarar:

– Me har dessverre ikkje gode tal for dette i Norge, men i Sverige og Finland har ein sett ein tydeleg samanheng mellom gjeldsproblem og sjølvmord. Dei som er registrert hos namsmannen der har mykje høgare sannsyn for å begå sjølvmord enn dei som ikkje er det.

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå har intervjua folk om livskvalitet, spesielt unge menneske med usikra gjeld, og desse kjenner at det påverkar livet deira negativt. Denne undersøkinga har Ikkje sett på sjølvmord, og Tisløv påpeiker at det er eit langt steg frå å ikkje ha det bra til å ta livet sitt.

Lurer på om det vert umoralsk

– Dei fleste er einige om at det er ei moralsk plikt å betale gjelda si, og at me alle har eit sjølvstendig ansvar for det. Men når folk er i eit økonomisk uføre der dei verkeleg ikkje er i stand til å gjere opp for seg, kan me stille spørsmålet om det på eit tidspunkt også er umoralsk å halde fram med å krevje inn denne gjelda, seier Tisløv.

Ho spør:

– Kor lenge skal ein straffast for at ein har hamna i betalingsproblem?

«Eit pengesamfunn»

– Me har i Norge vore mest opptekne av at folk som er alvorleg psykisk sjuke kan ta livet sitt, men har ikkje sett nøye nok på folk som slit økonomisk, seier ho.

Ho meiner derfor at ein burde sett nærare på det ho kallar «rasjonelle» faktorar, som økonomisk desperasjon og kriser, i samanheng med sjølvmord.

– Me har ganske mange eksempel og studiar frå andre land som viser at ein ser at sjølvmordsraten går opp i dårlege økonomiske tider. Me lever i eit samfunn der pengar styrer ekstremt mykje av tilgangen på ting som gjer det verdt å leve. Det er heilt krise å falle så langt ut økonomisk at ein ikkje har råd til å vere ein del av samfunnet, seier psykologen.

– Slutt å oppfordre til kriting

Tisløv meiner heilt klart at usikra gjeld og betalingsvanskar er eit folkehelseproblem som bør takast tak i.

– Det er mange ting som kan gjerast for å hindre at folk kjem i økonomisk krise. Ein burde for det første regulere tilgangen til kredittløysing, og dessutan slutte å sende ut kredittkortvarsel til folk på 18-årsdagen, seier Tisløv og legg til:

– Me må slutte å oppfordre folk til å krite. Me treng statlege avgrensingar.

Ein burde slutte å sende ut kredittkortvarsel til folk på 18-årsdagen

—  Ingvild Stjernen Tisløv

Tydlegare kommunikasjon og sterkare styring

Tisløv meiner også at det dei tenestene som kan bidra til endring må ta større ansvar – som strømleverandrørar, bankar, kreditorar og gjeldsinnkrevjarar. Ho trur at ulike tenester antar at kunden har same kunnskapsnivå som dei.

– Slik er det ofte ikkje. Når ein sender ut vedtaksbrev skrive av juristar, mistar ein ekstremt mange på vegen. Informasjon er ikkje given før den er motteken, seier ho.

Dersom ein ikkje skjønar kva ein får beskjed om, kan ein gjerne utsetje og slik komme bakpå. Informasjon må verre lett å forstå og det må vere lett å skjøne kvar ein kan vende seg om ein treng hjelp, meiner Tisløv.

Ho meiner også at ein bør gjere det enklare for folk å få oversikt over kva ein skuldar. No får ein mange rekningar i forskjellige appar. Dersom ein har psykisk vanhelse eller står i ei livskrise, er ein gjerne allereie så overvelda at det er vanskeleg å skulle ha full oversikt over dette.

– Om det hadde komme sterkare styring ovanfrå i form av lovar, ville det hatt større verknader. Dette har ein til dømes sett i England, seier Tisløv.

Kirkens SOS: Fleire tek kontakt

– Me ser ei aukande trend på folk som tek kontakt grunna økonomiske problem. En god del av dei som kontaktar oss har kome i krisemodus, og bryr seg ikkje lenger om pengar, dei har gitt opp, seier Lasse Heimdal til Vårt Land.

Han er generalsekretær i Kirkens SOS og leiar for styret i Folkehelseforeningen.

Lasse Heimdal. Kirkens SOS.

Heimdal peiker på fleire faktorar som gjer at folk tek kontakt – det kan vere einsemd, dårleg økonomi, samlivsbrot, psykisk uhelse, tap av jobb og rus – gjerne er det fleire av desse på same gong. For nokre er dårleg økonomi årsaken til problema, medan det for andre er konsekvensen. Problema fører veldig ofte til dårleg psykisk helse – og det betyr ofte også tap av inntekt og jobb, fortel Heimdal, og seier samtidig at dette er særleg vanskeleg for menn.

Samlivsbrot, psykisk sjukdom og einsemd er for mange det vanskelegaste, seier han. Men om han spør dei som ringjer, seier om lag halvparten at dei har dårleg økonomi.

Heimdal seier likevel han har inntrykk av at det også går betre med nokre.

– Blant dei yngre som tek kontakt, ser me ein lågare grad av alvorlege sjølvmordstankar, medan det hos eldre går det andre vegen. Ein del har fått det betre og opplever at ting har snudd etter pandemien, men det er også ting som tyder på at nokre aldri har kome seg opp av den «grøfta» dei hamna i under pandemien.

Folk som ringjer Kirkens SOS får prate med eit «vanleg» menneske, som Heimdal kallar det.

– Det seiast at det viktigaste eit menneske treng er eit anna menneske. Det me tilbyr er ein medmenneskeleg samtale, nokon som er villig til å lytte til deg. Det fjernar ikkje problemet, men det kan lette trykket, seier generalsekretæren.

– Me har heldigvis ei gjeldsordning i Norge som er ganske brukbar – det er flott. Men eg har vore med på brutale samtalar med inkassoselskap som i liten grad har teke omsyn til menneske sine livskriser, seier Heimdal.

---

Hjelpetelefonar om ein treng nokon å snakke med:

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter