Nyheter

Slik kan Trump endra kristen-USA

PROJECT 2025: Å halda sabbaten heilag og lata kyrkjer ta over velferdsoppgåver. Slik skisserer ein konservativ plan tida etter at Donald Trump blir president.

20. januar 2025 blir Donald Trump teken i eid som USAs neste president. Kva skal skje i tida etter at Trump har halde handa over Bibelen og sagt orda «So help me God»?

Ein peikepinn kan ein finna i eit kontroversielt politisk program.

Programmet med namn Project 2025 er laga av ein konservativ tenketank med band til Trump. Dokumentet på over 900 sider vart offentleggjort i september i fjor.

Vårt Land har sett på kva planen seier om religion og kristendom.

Nemner «Gud» seks gonger på 900 sider

Eit av måla med Project 2025 er å «gjenreisa familien og beskytta borna». Planen malar eit bilde av venstresida som fienden av desse verdiane, dels ved å utfordra skattefritak til kyrkjer og veldedige organisasjonar som avviser «woke progressivisme»:

«De vil snart gå etter kristne skular og klubbar med same totalitære hensikt.»

Ordet «Gud» dukkar opp seks gonger i dokumentet, fleire gonger med referanse til gudgjevne, individuelle rettar.

Til samanlikning dukkar ord frå kulturkrigen langt hyppigare opp:

  • «Kjønn» blir nemnt 96 gonger.
  • «Woke» – ordet som både kan vera eit skjellsord og ein heiderstittel – dukkar opp 28 gonger.
  • «Kritisk raseteori» er omtala 20 gonger.
t

Slår eit slag for kviledagen

Eit anna mål er å gjenreisa rolla til den amerikanske arbeidaren, og Project 2025 trekker parallellar langt tilbake i tid:

«Den jødisk-kristne tradisjonen, som strekker seg tilbake til 1. Mosebok, har alltid anerkjend fruktbart arbeid som ein integrert del av menneskeverdet, som teneste for Gud, nabo og familie.»

Dokumentet tek både opp behovet for godt betalte jobbar og støtte til omsorgsarbeid i heimen, men også storstilt deregulering av statens oppgåver og omtalar frihandel i positive ordlag.

Project 2025 er eit forsøk på å bygga eit intellektuelt stillas for trumpismen.

—  Professor Hilmar Mjelde

Project 2025 slår også eit slag for sabbaten:

«Gud ordinerte sabbaten som ein kviledag, og fram til nyleg prøvde den jødisk-kristne tradisjonen å respektera dette mandatet ved moralsk og juridisk regulering av arbeidet på den dagen.»

Ein felles fridag gjer at familiar og lokalsamfunn kan nyta fritida saman og ikkje som «atomiserte individ», skriv Project 2025. Planen åtvarar mot at tradisjonen med kviledag vaklar under press frå sekularisering og kjøpepress, spesielt for låglønte arbeidarar.

Rådet er at Kongressen bør endra lova slik at arbeidarar får betalt ekstra om dei jobbar på sabbaten. Standard kviledag bør vera på søndag, men folk med ei anna religiøs tru, kan halda sabbat på ein annan dag.

– Trump er den minst personleg kristne presidenten

Det er den konservative tenketanken The Heritage Foundation som står bak Project 2025. Minst 100 konservative grupper har vore med på å utforma forslaga.

– Project 2025 er eit forsøk på å bygga eit intellektuelt stillas for trumpismen, og gje den eit systematisk program, seier Hilmar Mjelde, professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Han legg til at amerikanske presidentar som regel ikkje har tid til å setta i verk omfattande program, sidan dagsaktuelle kriser tek over agendaen.

– Korleis trur du Trump vil forholda seg til kristendommen som president?

– Trump er den minst personleg kristne presidenten nokosinne. Men dei mest kristne er hans mest ihuga støttespelarar, fordi han leverte varene for dei i første periode.

Hilmar Mjelde

Trur presidentmakta blir styrka

Sentralt i Project 2025 er kampen mot «The Deep State»; statstilsette som skal ha jobba mot Trump under hans førre presidentperiode. I Project 2025 skal det bli enklare å gje sparken til føderalt tilsette.

Konseptet er bygd på ei bok frå perioden til tidlegare president Ronald Reagan, «Mandate for Leadership».

– Kor realistisk er det at Project 2025 blir sett ut i live?

– Den delen som går på å auka presidentmakta kjem me til å sjå delvis realisert. Sidan 1980-talet har konservative ønska å gje presidenten større armslag. Trump ville jo ta sterkare kontroll over byråkratiet i sin første periode, men vart distrahert av pandemien, seier Hilmar Mjelde.

Trump-kampanjen har prøvd å distansera seg frå kampanjen.

Fleire av arkitektane bak Project 2025 frå Trumps tidlegare administrasjon, ifølgje NTB. Leiarar i Heritage Foundation skal ha orientert Trump-kampanjen om prosjektet.

Donald Trump peker gjennom beskyttelsesglasset han står bak på utendørs valgmøter i Lititz i Pennsylvania søndag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Vil ha kyrkjer med på lærlingprogram

Project 2025 opnar også for at religiøse organisasjonar kan ta større oppgåver innan velferdsstaten.

Planen oppmodar slike organisasjonar om å bli med i sokalla lærlingprogram (IRAP). Dei vart innført under Trumps førre presidentperiode. Programmet gav større fridom til arbeidsgjevarar i å oppretta lærlingstillingar, men vart kritisert for å føra til utnytting av arbeidarar og vart avvikla under Joe Biden.

No vil Project 2025 ha tilbake desse lærlingprogramma, og ha kyrkjegrupper med på laget.

Planen viser til at USA har ei lang historie der religiøse organisasjonar fremmar arbeidaranes rettar.

Vidare tek planen opp rolla til etaten USAID, som styrer USAs bistand rundt om i verda. Project 2025 skriv at USAID ikkje skal konkurrera med initiativ frå globale kyrkjer.

---

Prosjekt 2025

  • Prosjekt 2025 er ein 920 sider politisk manual utgitt av den konservative tenketanken The Heritage Foundation.
  • Det er utformet som ein plan Republikanernes kandidat Donald Trump kan følge dersom han blir president.
  • Ifølgje prosjektet skal statsapparatet endres slik at det blir enklere å få gjennom presidentens politiske agenda.
  • Familien skal styrkes, grensene beskyttes og individets frihet skal sikres.
  • En av ambisjonene er å avvikle den angivelige «Deep State» og «gi staten tilbake» til folket.
  • Trumps kampanje har distansert seg fra prosjektet, men mange av forslagene samsvarer med Trumps politiske mål.
  • Demokratene har brukt Project 2025 som et skrekkeksempel i valgkampen for å advare velgere mot ein mulig andre presidentperiode med Trump.

Kilde: NTB

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter