Folkevalde fortel stortingspresten noko dei ikkje deler med andre

Musikken dunkar ut den opne døra. Føter smell i parketten. Instruktøren får fart på sveitte kroppar. Gymsal står det på veggskiltet.

– Eg lukkar berre døra, seier Sjur Isaksen.

Stortingspresten går så tvers over gangen, inn i rommet der stilla rår, stearinlys brenn og salmebøker står sirleg stabla.

Andakt pågår, varslar skiltet.

– Er det slik Stortinget tek vare på folkevalde og tilsette‚ gje dei tilbod for både sjel og lekam?

– Ja, leiinga i Stortinget meiner det er viktig at dei som har sitt virke her skal ha desse to tilboda. Du kan ikkje slå opp i Grunnlova for å finne grunngjevinga for at Stortinget har eigen prest, forklarar Isaksen.

Sjur Isaksen. Stortingsprest og sokneprest i Uranienborg kirke i Oslo. Kapellet på Stortinget.

Prest for dei utvalde

I ti år har han vore sjelesørgjar og predikant for Norges mest utvalde forsamling: 169 stortingsrepresentantar.

Han kombinerer prestestillinga i nasjonalforsamlinga med å vere sokneprest i Uranienborg menighet i Oslo. Han kjenner ikkje til noko anna nasjonalforsamling som har eigen prest.

Den særmerkte kyrkjelyden på Løvebakken omfattar også to andre grupper, tilsette i partias stortingssekretariat og tilsette i Stortingets administrasjon.

– Alle kan bruke, og brukar stortingspresten.

Sjur Isaksen. Stortingsprest og sokneprest i Uranienborg kirke i Oslo. Kapellet på Stortinget.


Sjur Isaksen benkar seg ved elpianoet. Ikkje berre er han prest, men også organist og kyrkjetenar når det er naudsynt.

Kvar onsdag halv ti er det samling i Kapellet. Salmesong, preik, salmesong.

I minutta før første salme sig folk inn, plukkar opp ei salmebok, finn seg ein plass, nikkar til kjente.

Ein stortingsrepresentant høyrer at Isaksen snakkar om lyset, som spør dei frammøtte: Kven har vore fyrlykter i dykkar liv?

Når salma Navnet Jesus, blekner aldri, tæres ei av tidens tann tonar ut, sklir kyrkjelyden på ni stille ut.

Sjur Isaksen. Stortingsprest og sokneprest i Uranienborg kirke i Oslo. Kapellet på Stortinget.

Finn fram til tru på Stortinget

Vegg i vegg med stillerommet har Sjur Isaksen kontor.

Hit kjem dei som har tungt å bere.

Dei som slit med tyngjande ansvar.

Dei som er langt vekke frå nære og kjære.

Dei som står i politiske stormar.

Eller dei som vil snakke om trua.

– Nokon har funne tru medan dei var på Stortinget, kan Sjur Isaksen fortelje.

Andre opplever at trua blir sett på prøve.

Meir får me ikkje vite, for Isaksen er nøye på å ikkje røpe kva som blir sagt.

Han svarar ikkje på spørsmål som kan blottleggje folkevalde, eller andre som dumpar ned i besøksstolane på kontoret.

Alt blir hjå presten i kjellaren

– Men kvifor bankar dei på hjå deg og ber om ein samtale?

– Dei veit at alt dei seier, alt dei lettar seg for, blir hjå meg.

Prestekontoret i stortingskjellaren blir eit trygt og fordomsfritt rom.

– Å snakke med ein ven, eller eit familiemedlem er ikkje alltid det beste, for då blir ein alltid minna om at det er andre som veit, andre som har kunnskap.

Det som blir sagt til Sjur Isaksen blir hjå Sjur Isaksen.

Sjur Isaksen. Stortingsprest og sokneprest i Uranienborg kirke i Oslo. Kapellet på Stortinget.

Han nappar i ermet

– Eg arbeider på to måtar, eg tek i mot dei som bankar på for å snakke med stortingspresten, og så hender det at eg nappar nokon i ermet og spør «korleis går det»?

– Kvifor?

– Det kan vere nokon som står i strie saker, er alt han vil ut med.

Men, understrekar Isaksen, når han tek kontakt er han svært diskré.

Står i tøffe kampar kvart fjerde år

Kvart fjerde haust står mange folkevalde i harde kampar. Dei skal fornye tilliten. Dei skal bli renominerte, dei skal knive mot partikollegaer, ofte partivener.

– Kva ser du desse haustane, som stortingsprest?

– Eg ser at ofte er det tøffare dragkampar innad i dei politiske partia enn mellom partia, fortel Isaksen og seier nei til oppfølgingsspørsmål.

Isaksen har opplevd tre nominasjonshaustar.

Sjur Isaksen. Stortingsprest og sokneprest i Uranienborg kirke i Oslo. Kapellet på Stortinget.

Dei treng åndeleg og eksistensiell støtte

Han starta prestegjerninga på Løvebakken i 2014, som tilsett i Den norske kyrkja. Sidan 2019 har han vore tilsett på Stortinget, direktøren er sjefen.

Institusjonar som sjukehus og sjukeheimar har prestar fordi dei som oppheld seg der har behov.

– Med Stortinget er det annleis. Dei som er her, dei folkevalde, er her fordi dei er ein ressurs, forklarar Isaksen.

– Men også dei har behov for åndeleg og eksistensiell støtte og omsorg.

---

Stortingsprest

  • Stortingsprest er ein 20-prosentstilling, arbeidsgjevar er Stortinget.
  • Første stortingsprest var Per Arne Dahl, 2007–2014.
  • Sjur Isaksen byrja i 2014 og sluttar ved årsskiftet.
  • Tron Fagermoen blir ny stortingsprest i januar 2025.

---