Jødiske amerikanarar vende Trump ryggen
USA-VALGET: Donald Trump fekk stort fleirtal hos kristne grupper, og særleg ei. Men jødiske amerikanarar er meir begeistra for Harris. USA-forskar trur Trump sin retorikk kan vekkje dårlege minne til live hos jødar.
PRESIDENT, IGJEN: Biletet viser Donald Trump på valvake på Palm Beach Convention Center, 6. november. Dette vart ein kveld for historiebøkene, for Trump vart vald til USAs 47. president, og med det den fyrste på 132 år til å bli president i to omgangar. I tillegg vart han den første president i USA som også er tiltalt i ei staffesak – ikkje berre ei, men fire.
Julia Demaree Nikhinson
Donald Trump fekk brei støtte blant evangelikale kristne sist han vart president i 2016. Det gjorde han, som venta, også i dette presidentvalet.
The Washington Post si vallokalundersøking viser at kvite, evangelikale kristne i USA er trufaste mot det republikanske partiet og Donald Trump. Heile 82 prosent i denne gruppa stemte raudt og ville ha Trump som neste president. Også i 2016 og 2020 stemte det store fleirtalet av desse på Trump.
«Grunnleggjande mistillit til ein sterk stat»
Bestill abonnement her
KJØP