Nyheter

Bestemor blir skilt frå barn og barnebarn i Norge

DEPORTASJON: - No må lovgjevarane reagere. Denne saka kan ingen vere stolte av, seier Noas-talsmann Jon Ole Martinsen.

Politiet kom umeldt til asylmottaket i Rogaland, midt på natta. Kvinna blei så frakta til Politiets utlendingsinternat på Trandum. Det ligg like ved flyplassen på Gardermoen.

Etter snart 25 år i Norge skal ho bli deportert til Etiopia straks papira som vil sleppe henne inn i heimlandet er i orden. Kvinna skal ikkje ha gyldig pass.

Ho kom til landet hausten 1999, frå Etiopia, søkte asyl og fekk avslag.

I snart 25 år er ho blitt skyssa frå mottak til mottak, og har fått endeleg avslag på asylsøknaden.

I Norge har ho barn og barnebarn. I Etiopia har ho ingen familie att.

No må lovgjevarane reagere. Denne saka kan ingen vere stolte av

—  Jon Ole Martinsen, Noas

Kvinna oppfylte hovudkrava i eingongsløysinga Solberg-regjeringa fekk på plass:

«Som innen 1. oktober 2021 vil ha oppholdt seg i Norge i over 16 år etter at asylsøknaden ble innlevert, og som vil ha en samlet alder og oppholdstid på minst 65 år.»

Men det var forhold ved asylsøknaden som hindra henne å få glede av eingongsløysinga: Opphald i Norge.

Kvinna er i dag 65 år. Og svært sjuk. Ho må ta ei større mengde legemiddel dagleg.

internat

Noas: Inhuman og streng politikk

I Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) er talsmann Noas Jon Ole Martinsen både opprørt og oppgitt:

– Saka til den etiopiske kvinna er eit dessverre eit grelt døme på kor inhuman og streng regelverket og politikken på dette området er i dag.

– Avgjerda om å pågripe og tvangssende henne til Etiopia er grovt urettvis. Her er så mange sterke menneskelege omsyn som talar for at ho skulle hatt opphald i Norge, seier Martinsen til Vårt Land.

Han forklarar at utlendingsforvaltninga kunne gitt kvinna opphald, utan at det hadde skapt presedens.

Martinsen sender difor ei melding til lovgjevarane på Stortinget:

– No må lovgjevarane reagere. Denne saka kan ingen vere stolte av.

Justisminister Mehl handhevar streng praksis

Justisminister Emilie Mehl (Sp) har i år fått fleire skriftlege spørsmål om tvangsutsendingar av etiopiarar, etter at politiet i februar byrja å førebu slike i stor målestokk.

Mehl har nekta å gripe inn. I mai svarte ho, i eit brev til Stortinget:

«Det er ikke aktuelt for denne regjeringen å stoppe utsendelsen av etiopiere fra Norge eller for øvrig innføre en engangsløsning som vil gi etiopiske asylsøkere rett til oppholdstillatelse etter langvarig ulovlig opphold i landet.»

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) risikerer å ikkje komme inn på Stortinget frå Hedmark neste år.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Fryktar for livet hennar

Irene Ege har kjent den etiopiske kvinna i kring 15 år. Ho er ein ven og hjelpar i kvardagen.

Ege reagerer sterkt på at kvinna no skal bli tvangssendt til Etiopia:

– Ho har ingen familie der, ho er svært sjuk, helsa er veik. Faktisk er eg redd for at ho kan døy om ho blir deportert til Etiopia, for kven skal ta i mot henne der, skal norsk politi berre dumpe henne på flyplassen? spør Ege.

Tidlegare i år har politiet følgt etiopiarar som er blitt tvangssendt frå Norge til Etiopia. Då har politiet skilt lag med dei tvangssendte på flyplassen i Addis Abeba.

Snakka om livet i Norge

I 2017 kom rapporten «Hvem skal holde meg i hånden når jeg dør? Han var laga av RIA Kvinnegruppe – der RIA står for organisasjonen Rettferdighet i asylpolitikken

Ifølgje ein tal frå Utlendingsdirektoratet budde det i 2017 62 einslege kvinner over 50 år med endeleg asylavslag på asylmottak i Norge.

Den etiopiske kvinna som politiet no skal sende ut av landet var ei av informantane i RIAs rapport. Her fortel ho om år med sjukdom i Norge.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter