– I 2015 dreiv medlemmer av KA 75 barnehagar, no er det berre 50, seier Jens A. Bjelland.
Han er direktør for politikk, leiing og innovasjon i KA, som er hovudorganisasjonen for kyrkjelege og ideelle verksemder. Han meiner det er blitt openbert vanskelegare å drive ideelle barnehagar.
Bjelland følgjer no med på forhandlingane om nytt barnehageforlik, som starta før sommaren. Partia på Stortinget klarte då ikkje å bli einige, og forhandlingane vart derfor utsett til hausten.
Frp og SV trekte seg
Nyleg vart det klart at Framstegspartiet valde å bryte forhandlingane, grunna regjeringa sine kutt i pensjonstilskota til private barnehagar.
– Det har skapt ei økonomisk krise, der mange barnehagar er lagt ned og fleire fryktar at dei må leggje ned viss ikkje økonomien styrkjast, sa Frps barnehagepolitiske talsperson Himanshu Gulati til NRK denne veka.
Gulati seier til Vårt Land at dei deler bekymringane til dei som driv private barnehagar.
– Nesten halvparten av private barnehagar går no i underskot. Me gjekk med i forhandlingane for å prøve å snu dette, men fekk ikkje snudd regjeringa tilstrekkeleg. Det kunne me ikkje stå inne for, seier han til Vårt Land og understrekar at valet neste år kjem til å stå om private barnehagar.
Dagen etter at Frp braut forhandlingane, gjorde Sosialistisk Venstreparti det same. SV eier til NTB at grunnen er at dei ikkje fekk gjennomslag for kravet sitt om fleire tilsette, noko Arbeidarpartiet avviser.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det vert færre og større barnehagar. Nedgangen er klart størst hos dei private barnehagane, og det siste året har det vorte 85 færre av desse. I same tidsrom var det ein nedgang på 20 kommunale barnehagar.
– Fungerer ikkje godt nok
Bjelland fortel at deira barnehagetilsette har dei same vilkåra som dei andre tilsette i Den norske kyrkje, og at pensjonsordninga har vorte dyrare, og kostar meir enn i andre private barnehagar. Han meiner ordninga som finst for dekning av pensjonskostnadar i private barnehagar ikkje fungerer godt nok.
– Barnehagane våre går ganske mykje i underskot på pensjon, medan andre private barnehagar går i overskot i pensjon. Dette fordi tilskotet er høgare enn utgiftene desse barnehagane har, seier han.
Fleire hundre tusen i minus
Det finst ei ordning i kommunane der barnehagar med høge pensjonsutgifter kan søkje om støtte. Denne ordninga meiner ikkje Bjelland hjelper nok, fordi ordninga har eit øvre tak som ofte er for lågt.
– Sjølv med ekstra ordning på pensjonsutgifter går barnehagane våre ofte fleire hundre tusen kroner i underskot i pensjon, seier han.
Ein tredjedel av barnehagane som er medlem av KA er stengde ned på åtte år
— Jens A. Bjelland
Ny utfordring
Dei siste åtte åra er 25 av barnehagane som er medlem i KA stengde, ifølgje Bjelland. Dei har i tillegg sett ei ny utvikling med utfordringar knytt til regelverket om rehabilitering og oppussing av barnehagar. KA sine barnehagar er i stor grad gamle barnehagar, der det gjennomsnittlege oppstartsåret er 1982 – noko som betyr at mange no har behov for rehabilitering av bygg, fortel han.
Bjelland skildrar det som ei «kjempeutfordring» at barnehagane deira må ta opp store lån for å kunne rehabilitere, og at eldre barnehagar får mindre tilskot til dette enn om dei byggjer eit nytt bygg.
– Ein regel seier at dersom ein skal rehabilitere, må ein også utvide i areal for å få auka kapitaltilskot. Det er det mange som ikkje har høve til. Me har for augneblinken to barnehagar som vurderer å leggje ned på grunn av dette, seier han.
Redd for alternativet
Bjelland seier at dei fyrst og fremst håpar at politikarane vert einige om ei ordning som gir full dekning for pensjonsutgifter. Han meiner det er eit stort behov for å endre regelverket, også på kapitaltilskot.
Alternativet er han redd for.
– Me fryktar at dersom ein ikkje kjem fram til forlik med betre rammevilkår for ideelle barnehagar, vil fleire av kyrkjelydane velje å avvikle barnehagar i åra som kjem. Det er grenser for kor mykje ein kyrkjelyd kan subsidiere ein barnehage, seier Bjelland.
---
Fakta om barnehagar:
- I 2023 var det i overkant av 1.800 færre born i barnehagar enn året før, dette skuldast mindre fødselskull.
- 49 prosent av barnehagane er kommunale, og 51 prosent er private.
- Det vert stadig færre av dei mindre barnehagane. Det var totalt 106 færre barnehagar i 2023 enn i 2022. 85 av desse var private.
- I perioden 2019–2023 har det blitt 312 færre private barnehagar, tre gonger meir enn nedgangen i kommunale barnehagar i perioden (104).
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
---